Arbeidarpartiet vil kutte i talet på distriktskommunar der ein kan få sletta studiegjeld

Hausten 2024 lanserte Arbeidarpartiet og Senterpartiet ei utvida ordning der ein kunne få sletta 25 000 kroner årleg frå studielånet om ein skatta til distriktskommunar òg utanfor Nord-Noreg. No blir ordninga reversert.

Åshild Slåen
Publisert

Den utvida gjeldssletteordninga som Senterpartiet kjempa fram i fjor, og som vart innført 1. januar i år, blir kutta i det nye statsbudsjettet.

– Eg synest det er kjempesynd, seier Nils Forren, leiar i Senterungdommen på telefon til Framtida.no.

Gjeldssletteordninga slik ho er i dag går ut på at dei som bur og arbeider i det som vert rekna som dei minst sentrale kommunane i Noreg, kan få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet sitt årleg, til gjelda er nedbetalt.

Dersom Arbeidarpartiet sitt forslag blir vedteke, vil ordninga berre gjelde for kommunar i dei aller minst sentrale kommunane, og vere avgrensa til tre år, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Samstundes føreslår regjeringa å auka satsen for dei som er omfatta av ordninga i Finnmark og Nord-Troms frå 30 000 kroner til 60 000 kroner årleg.

Fjernar gulrot

– Vi veit at Distrikts-Noreg har eit stort behov for lærarar, sjukepleiarar og her har dei ei kjempegod gulrot for å få folk til plassar som sårt treng den kompetansen, seier Forren.

I det nye forslaget er det også presistert at berre gjeld som kjem av fullførte studiepoeng i høgare utdanning eller høgare yrkesfagleg opplæring kan bli sletta.

– Med ordninga kan eit ungt, nyutdanna par som bur i dei 88 minst sentrale distriktskommunane få sletta opp mot 150 000 av studiegjelda over tre år, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) ifølgje pressemeldinga.

Prioriterer dei minst sentrale

Ifølgje regjeringa er målet å gjere ordninga som var innført i fjor meir målretta og prioritere dei minst sentrale stadene.

Forren påpeiker at næringslivet i distriktet også treng ordningar som kan lokke til seg morgondagens leiarar og næringsutviklingar.

– Det er enormt synd at dei gulrøtene no forsvinn, legg han til.