Studiestøtta aukar med 2,1 prosent neste år: – Skuffande
Både Norsk studentorganisasjon og Organisasjonen for Norske Fagskolestudenter krev ei betre støtteordning for studentar.
Saka vart oppdatert 16. oktober med kommentar frå ANSA
– Det er utruleg skuffande for landets studentar.
Det seier Sigve Næss Røtvold, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), på telefon til Framtida.no.
– Vi får 300 kroner ekstra i månaden til neste år, og med eit studentbudsjett som går 5400 kroner i minus kvar månad, så held ikkje det.
Mindre enn prisvekst
Regjeringa føreslår å justere satsane for lån og stipend for studentar med 2,1 prosent frå studieåret 2026–2027. I forslaget poengterer regjeringa også at dei vil setje ned eit offentleg utval som skal ta ein heilskapleg gjennomgang av studielån og stipend.
NSO har i lang tid kravd at studiestøtta må knytast til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda, også kalla G.
Stortinget vedtok i mai eit Arbeidarparti-forslag om å knyte studiestøtta til grunnbeløpet i løpet av denne stortingsperioden.
Går ut over helse
Organisasjonen for Norske Fagskolestudenter (ONF) er også misnøgde med at auken i støtta er lågare enn prisveksten i fjor.
– Vi veit at læring, trivsel og helse heng tett saman med studentøkonomien. For lange arbeidsveker, stress og økonomiske bekymringar går ut over helsa, seier leiar for fagskulestudentane, Ingrid Marie Aarre.
Dei krev at støtta må knytast til grunnbeløpet og aukast til 1,5 G straks, med ein tydeleg opptrappingsplan til 2 G i løpet av perioden.
– No blir det opp til Stortinget å sørgje for at studiestøtta blir løfta til eit nivå som gir studentane rom til både å lære og ta vare på eiga fysisk og psykisk helse, seier Aarre.
Også Røtvold oppmodar SV, MDG, Raudt og Senterpartiet til å prioritere studiestøtta når dei forhandlar.
– No har vi hatt momentum lenge, og då håpar vi at desse budsjettpartnarane bidrar med dette i budsjettforhandlingane.
Hindrar utanlandsstudium
Studentorganisasjonen Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) er bekymra for utanlandsstudentane. Maud Alfstad Bjørgum, president i ANSA, påpeiker at halvparten av norske studentar seier økonomien er eit stort hinder for å kunne studere i utlandet.
– ANSA meiner ei levedyktig studiestøtte som er i tråd med EUs fattigdomsgrense, er heilt naudsynt for at norske utanlandsstudentar skal klare seg gjennom høg inflasjon og ein svingande kronekurs.
Ho meiner budsjettforslaget vil bidra til at færre studentar vel å reise utanlands.
– Arbeidarpartiet snakkar sjølv så varmt om internasjonalisering og viktigheita av å forstå andre kulturar. No er det på tide at politikken blir følgd opp i praksis, seier ANSA-presidenten.
Bygger færre studentbustader
I forslaget blir det også justert ned kor mykje støtte samskipnadane skal få for å bygge studentbustader.
Det blir justert ned frå 3050 studenthyblar til 2000 i 2026.
– Det er utruleg trist, all den tid vi veit at vi manglar studentbustader, seier Røtvold i NSO.
Dersom ein tek utgangspunkt i at kvar femte student skal ha tilgang på ein studentbustad, manglar vi 14 000 bustader i landet, ifølgje NSO.
Ifølgje statsbudsjettet skal denne nedjusteringa vere mellombels, og kome tilbake til tidlegare nivå i 2027.
Grunngjevinga er at studentsamskipnadane har avgrensa kapasitet til å setje i gang fleire nye byggeprosjekt i det komande året.









