FHI tilrår lettar for studentar, ungdommar og barn framover
Folkehelseinstituttet meiner byrda for barn og unge er så stor at dei tilrår å gjere lettar for studentar, ungdommar og barn.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi er opptekne av tiltaksbyrda for barn og unge, og vi er opptekne av at tiltaksbyrda for dei likevel blir letta raskt, sa avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet på pressekonferansen på onsdag om koronasituasjonen.
Ho viser då til at den generelle tilrådinga er å vidareføre dei strenge tiltaka i ytterlegare to veker i første omgang.
– Dei har hatt stor tiltaksbyrde over tid, og vi er bekymra for konsekvensane. Vi tilrår derfor å lempe på restriksjonane for fysisk nærvær på høgskular og universitet snarleg. Vi tilrår òg å lette på tiltak innanfor sport og fritid for barn og unge, seier Vold.
Les også intervjuet med Ilona-Marie (15) frå koronaråka Ulvik: – Me er så tett oppi kvarandre, så det spreier seg fort. Det er ikkje noko kjekt.