Lang kø for å få time hos studentpsykolog

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før pandemien var ventetida for å få psykologtime via Sammen, studentsamskipnaden på Vestlandet, to veker. No må studentane vente minst fire veker og opp til halvannan månad, fortel Bergens Tidende.

Grunnen er at dobbelt så mange som før melder at dei slit psykisk.

– Ein stor overgang frå vidaregåande skule

Leiar i studentorganet Velferdstinget Vest, Anette Arneberg. Foto: NSO

– Det er ein skremmande trend som reflekterer kor vanskeleg studentane har det, seier Anette Arneberg, leiar i studentorganet Velferdstinget Vest, til avisa.

Studentane slit med einsemd, uvisse, kommunikasjon frå institusjonane, digital undervisning og dei nye smitteverntiltak.

Anette Arneberg er bekymra for alle studentar, men mest for dei som har flytta heimanfrå for første gong.

– Det er ein stor overgang frå vidaregåande skule der dei møtte mange elevar kvar dag. No møter dei ikkje medstudentane fordi all undervisning er digital.

Håpar på betre vårsemester

Arneberg synest ikkje det funkar så bra.

– Førelesarar bør justere undervisninga og følgje opp studentane endå tettare. Vi veit at nokre gjer det, men også at mange ikkje gjer det, meiner ho.

Arneberg håpar institusjonane vil vere meir førebudde neste semester, slik at studentane blir varetatt på ein betre måte.


Illustrasjonsfoto: Ivana Cajina/Unsplash