FHI snur – meiner tiltak har store konsekvensar for barn og unge

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein tabell i den første versjonen av Folkehelseinstituttet (FHI) sin rapport om tiltaksbyrda for dei ulike gruppene i landet, er restriksjonar for vidaregåande skule, universitet og høgskule merkte som «liten» byrde for barn og unge.

Det var VG som først skreiv om saka.

FHI opplyser til avisa at dette er feil, og at dei på området vurderer byrda som «stor» for barn og unge, ikkje «liten». Rapporten er no oppdatert.

UiO-rektor er kritisk

Rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), Svein Stølen, er ifølgje VG kritisk til at regjeringa kan ha basert avgjerder om studentane sin tilgang på campus på ein rapport med feil.

Rektor ved Universitetet i Oslo Svein Stølen. Foto: UiO

Han meiner kunnskapsgrunnlaget for avgjerder bør bli offentleggjorde før dei blir tekne.

Feilen i rapporten blei oppdaga 5. februar etter at Barneombodet varsla Folkehelseinstituttet, fortel overlege Preben Aavitsland i FHI til VG.

– Vi har informert oppdragsgjevar, så vi reknar ikkje med at feilen har fått nokon konsekvensar.

Han legg til at kunnskapsgrunnlaget er ekspertvurderingar frå Folkehelseinstituttet sine ulike fagmiljø, samt innspel frå Utdanningsdirektoratet for skular.