NSO forventar auka studiestøtte i statsbudsjettet

Regjeringa set ned eit utval som skal evaluere studiestøtteordninga innan 2027.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det er eit breitt fleirtal no på Stortinget som er for å auke og knyte studiestøtta til 1,5 G, så det er ei tydeleg forventing frå oss om at det skjer allereie i statsbudsjettet i morgon, og at Arbeidarpartiet held det dei har lova studentane i valkampen.

Det seier leiar av Norsk Studentorganisasjon (NSO) Sigve Næss Røtvold på telefon til Framtida.no.

Grunnbeløpet

Grunnbeløpet i folketrygda blir ofte forkorta til «G».

Det er eit fastsett beløp som dei fleste ytingane i folketrygda blir rekna ut frå.

Frå 1. mai 2025 tilsvarar G 130 160 kroner.

Kjelde: SNL

 

Onsdag legg regjeringa fram statsbudsjettet for 2026. NSO meiner studiestøtta er for låg. Studentrørsla har i fleire år kravd at ho blir auka til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Det inneber at studiestøtta automatisk blir justert opp i tråd med prisveksten i samfunnet.

For studieåret 2025-2026 er basisstøtta frå Lånekassen på 166 859 kr, som svarar til 1,28 G.

Stortinget vedtok i mai eit Arbeidarparti-forslag om å knyte studiestøtta til grunnbeløpet i løpet av denne stortingsperioden.

Stel tid frå studia

– Prisane er veldig høge. Matvareprisane er høge, husleiga er dyr, og studiestøtta har vore underregulert i mange år, seier Røtvold. Ifølgje NSO si undersøking Studentbudsjettet 2025, går studentar i Noreg i dag 5400 kroner i minus kvar månad.

Røtvold peikar på at tida studentar brukar på betalt jobb, stel frå tida dei har til å vere studentar.

– Vi studentar blir ofte møtt med: «Men då eg var student så jobba eg òg». Ja, det er riktig, men ikkje så mykje som ein gjer i dag. Vi brukar så mykje tid på deltidsjobbar, at det går ut over studia og livskvaliteten vår, på ein heilt annan måte enn det gjorde for 20 år sidan.

Skal gå igjennom studiestøtta

I ei pressemelding måndag opplyser statsråd for høgare utdanning Sigrun Aasland (Ap) at dei i løpet av hausten set ned eit utval som skal sjå på korleis ordningane for studielån og stipend bør vere i framtida. Utvalet skal levere tilrådingane sine i 2027.

Talet på studentar på universitet og høgskular i Noreg har ifølgje regjeringa auka med 62 prosent sidan 2000. Dei som får støtte frå Lånekassen har auka frå rundt 700 000 til om lag 1,2 millionar i dag.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland. Foto: Regjeringa

Statsråden seier til VG at ho trur ein er for dårlege til å møte breidda av studentar, som i dag er i ulike livssituasjonar.

– Alle studentar må jobbe ved sida av studia. Slik vil det vere i framtida òg. Men det er viktig å halde fram med å forbetre økonomien til studentane, slik at vi får betre balanse mellom jobb og studium, seier ho til avisa.

Aasland kan ikkje seie noko om kva tid studiestøtta blir knytt til grunnbeløpet i folketrygda, slik det er bestemt.

Ikkje ei kvilepute

NSO-leiaren er glad regjeringa tek tak, men understrekar at utgreiinga ikkje må bli ei kvilepute. i dag

– Vi forventar at det blir ein skikkeleg gjennomgang der vi ser på kva vi kan gjere med studiestøtteordninga slik at vi treffer dei som er studentar i dag, som er ei mangfalding gruppe som har ulike behov og er i ulike livssituasjonar. Alle desse må vi klare å treffe på ein god måte.

Han forventar at det kjem ei endring ut av utgreiinga.

– Vi studentar er klare til å bidra, og forventar at når vi skal diskutere framtidas studiestøtteordningar, så skal vi ha ein plass rundt bordet.