Vårens skriftlege eksamenar vert avlyste

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 08.04.2021 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skriftlege eksamenar i ungdomsskulen og vidaregåande vert avlyste, det melder kunnskapsminister Guri Melby (V) i ein pressekonferanse måndag.

– Pandemien har utan tvil ført til at elevar har fått ei anna form for undervisning enn dei elles ville fått som følgjer av ulike restriksjonar og ulikt smittetrykk her i landet. Det skapar ulike føresetnadar i møte med nasjonale løysingar, fortalde Melby og sa:

– Difor har regjeringa beslutta å avlyse skrifteleg eksamen. 

Kunnskapsministeren sa at ho håpar avgjersla gjer ei uføreseieleg tid meir føreseieleg.

Nokre eksamenar held fram

Sentralgjevne skriftlege eksamenar for alle avgangselevar i vidaregåande skule og på 10. trinn på ungdomsskulen vert avlyste. Lokalgjevne skriftlege eksamenar for elevar på vidaregåande skule vert òg avlyste.

Eksamen vert avvikla for privatistar og elevar som treng eksamen for å få vitnemål, sidan dei ikkje kjem seg vidare i utdanning eller jobb utan eksamen.

Lokalgjevne munnlege eksamenar for 10. trinn og elevar på VG3 vert òg gjennomførte.

Standpunktkarakter skal fastsetjast i veke 23 for alle fag der det ikkje er munnleg eksamen vert sett i veke 23, medan standpunktkarakter for fag med munnleg eksamen vert sett i veke 22.

Raud Ungdom: – Pinleg at dette kjem først no

Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus. Pressefoto

– Det er veldig bra at skriftlege eksamenar vert avlyste, men det er jo litt pinleg at dette kjem først no, etter at tusenvis av elevar, lærarar og organisasjonar har kome med kravet, seier Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus på telefon til Framtida.no. 

Bekkhus påpeiker at det er positivt at regjeringa lyttar til dei som vert ramma, men at det er dumt at avgjersla kjem så seint.

– Det hadde gjeve folk mykje meir tryggheit om det hadde kome tidlegare.

Raud Ungdom-leiaren seier at ho forstår uroa hjå komande studentar som skal konkurrere om studieplassane med «koronakulla» som no vil stå utan skrifteleg eksamenskarakter, men at ho samstundes har tru på at ein kan finne ei rettferdig inntaksløysing.

– Det viktigaste vi kan gjere no er å ikkje setje elevgrupper opp mot kvarandre, men å finne ei løysing som er rett både for «koronakulla» og for dei som har gjennomført eksamen før. 

Ni av ti elevrådsleiarar ville avlyse

Allereie i november bad Elevorganisasjonen styresmaktene om å avlyse eksamen, og peika på ein uføreseieleg skulekvardag grunna koronapandemien og store forskjellar i undervisningsmogelegheiter frå skule til skule.

Oppropet frå Elevorganisasjonen fekk 50 000 underskrifter på kort tid, og no har heile 72 000 skrive under bøna om å avlyse eksamen. Både Skolenes landsforbund og rektorane i Skolelederforbundet støtta kravet.

Ei undersøking utført av Framtida.no synte at nesten ni av ti elevrådsleiarar i Noreg meinte eksamen måtte verte avlyst.

– Nokre elevar har hatt mykje heimeskule gjennom skuleåret, medan andre har vore på skulen nesten som vanleg. Då er det feil at elevane skal vurderast på likt grunnlag i eksamen, fortalde Hannah Hillersøy Resser, elevrådsleiar ved Stord vidaregåande skule.

SV fortalde Framtida.no at dei ville ta saka til Stortinget, og fremje representantforslag om å avlyse eksamen. Arbeidarpartiet, Raudt og MDG stadfesta overfor VG at dei òg ville avlyse eksamen, medan Frp og Senterpartiet var opne for det same.

Utdanningsdirektoratet varsla i slutten av januar at dei tilrådde å avlyse vårens eksamen.

– I dette skuleåret kan me ikkje vere sikre på at alle elevar har fått den opplæringa dei har rett på, fortalde divisjonsdirektør i Utdanningsdirektoratet Sissel Skillinghaug til Framtida.no.


Arina Aamir er nestleiar i Aker Unge Høgre, og saknar elevane si stemme i debatten om eksamen. Foto: Privat