Elevorganisasjonen: «Eksamen må avlysast»

Sondre Undheim Lokøy (18)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Årets skuleår er ikkje som tidelegare. Det er store forskjellar i korleis ein kan drive skule frå fylke til fylke, skule til skule og elev til elev.

Koronapandemien har allereie ført til ein uføreseieleg skulekvardag for oss elevar.

De må allereie no avlyse eksamen, og heller gje oss eit fullverdig opplæringstilbod, som vil sørge for at me alle kjem oss gjennom pandemien heilskinna. 

Eksamen må avlysast.

Karantene, sjukdom og digital undervising

Årets eksamen vil på ingen måte vere rettferdig for oss elevar. Er du sjuk eller snufsar må du halde deg heime, og difor måtte sitje klistra framfor ein skjerm i senga di, for å gjennomføre eit digitalt opplegg som på ingen måte kan måle seg med kvaliteten på undervisninga til medelevane dine.

Grunnleggjande eksamensførebuingar startar allereie i starten av skuleåret, og fleire elevar har mista dette som følge av karantene, sjukdom og digital undervisning.

Årets eksamen vil på ingen måte vere rettferdig for oss elevar

Det vert feil at elevar som held smittevernsråda ved å halde seg heime ved det minste teikn på sjukdom, eller dei som må halde seg heime fordi at dei har familie i risikogruppa skal verte straffa ved å ha ein eksamen dei er langt frå godt nok førebudd på. Spesielt i kontrast til dei elevane som har hatt moglegheit til å vere fysisk tilstade på skulen. 

La oss leggja frå oss eksamensførebuingar og stress, og heller fokusere på å gje oss elevar moglegheit til å ende opp med ein standpunktkarakter dei kan stilla seg bak.

Skulekvardagen vår er allereie prega av nye og ukjente læringsmetodar og plattformar. Me må gje lærarane, i samspel med elevane moglegheit til å finne ut kva metodar og plattformar som gjer oss mest læringsutbytte i den situasjonen me er i, ikkje dei metodane som førebur oss mest på eksamen.

Me må sjå elevane

I ein slik situasjon som me er i no må me sjå elevane. Det er allereie mykje ekstra stress og usikkerheit rundt skulekvardagen.

Me må få fokusera på det som er viktigast, og ha ei sluttvurdering me kan stille seg bak og som me følar reflektera kompetansen vår.

Her må me ha tillit til lærarane, og gje dei moglegheita til å følgje opp elevar og gje oppgåver og vurderingar som dannar ein solid grunnlag for standpunktkarakterane som vert sette. I staden for presse på med eksamensførebuingar som hindrar lærarane frå å kunne skreddarsy undervisninga for kvar enkelt elev. 

Me må få fokusera på det som er viktigast

Dette er eit år der me treng fleksibilitet, rom for tilpassing og ein føreseieleg skulekvardag meir enn nokon gong før.

Me må gje lærarane moglegheit til å sjå kvar enkelt elev, framfor å presse på oss eksamensførebuingar.

Sluttvurderinga i skulen skal vere rettferdig, og om eksamen vert gjennomført vert det ikkje det. I år har ikkje alle elevane same moglegheit og tilrettelegging i undervisninga, og dette må styresmaktene sjå. La elevane og lærarane saman jobbe fram mot ei solid sluttvurdering me kan stille oss bak.

Gje elevane moglegheit til læring. Gje lærarane moglegheit til tilrettelegging.

Stol på at dei saman avsluttar eit annleis skuleår med ei grundig og representativ sluttvurdering for eleven.

Avlys eksamen no!


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Visste du at Unge Venstre går inn for samanslått karakter i sidemål og hovudmål? –  Det er alltid synd å tape politiske kampar, så eg er sjølvsagt litt skuffa, seier nestleiaren

Målungdommenleiar Gunnhild Skjold (t.v.), Unge Venstre-nestleiar Ane Breivik og AUF-leiar Astrid Willa Hoem er skuffa over Unge Venstre-vedtaket. Foto: Ingunn V. Steinsvåg , Unge Venstre, Bent Sønvisen/Ap