Rektorane vil avlysa eksamen i vår

Elevorganisasjonen får støtte av rektorane i Skolelederforbundet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skolelederforbundet meiner skulane har vore så ulikt påverka av koronatiltaka den siste tida at opplæringa ikkje har hatt like vilkår. Nokre skular er framleis på raudt nivå, medan andre no er på gult nivå.

– Det bør vera eit tydeleg signal til kunnskapsministeren at elevar og rektorar har same analyse av kvifor eksamen bør avlysast, seier Stig Johannessen, leiar i Skolelederforbundet til VG.

Kristine Schultz, leiar av Elevorganisasjonen
Foto: Elevorganisasjonen

– Utruleg bra signal!

Elevorganisasjonen har lenge argumentert for at eksamen må avlysast, og at det hastar at regjeringa bestemmer seg.

– Det er eit utruleg bra signal at dei stiller seg bak oss elevar, seier leiar i Elevorganisasjonen Kristin Schultz til VG.

I fjor vår slapp 10.-klassingane og elevane på vidaregåande eksamen etter fleire veker med koronastengde skular.

Til vurdering

Kunnskapsminister Guri Melby (V) sa tidlegare i veka til NRK at elevar og lærarar må førebu seg om det blir eksamen til våren, for det er det som er avgjerda førebels.

Melby sa òg at ho har bede Utdanningsdirektoratet om ei vurdering om eksamen kan gjennomførast. Utdanningsdirektoratet jobbar no med saka.


Her kan du lesa dei beste eksamenssvara i norsk hovudmål dei siste åra!

Herdis Auestad Nergaard (19), Anna Standal Tangen (20) og Jenny Heggheim Myklebust (20) vann Fridthiov Oos’ legat med eksamenssvara sine på nynorsk. Foto: Privat