SV tek vårens eksamen til Stortinget: – Guri Melby somlar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 25.01.2021 08:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me meiner at Guri Melby somlar i denne saka og at det er viktig med ei rask avgjersle, difor tek me saka til Stortinget, seier leiar i Sosialistisk Ungdom Synnøve Kronen Snyen på telefon til Framtida.no.

Moderpartiet SV ved Mona Fagerås vil 2. februar leggja fram eit representantforslag til Stortinget om å avlysa eksamen for norske ungdoms- og vidaregåande skular våren 2021.

Viktige karakterar

Mona Lill Fagerås, Sosialistisk Venstrepart. Foto: Stortinget.

I forslaget skriv dei mellom anna at ein klassisk skriftleg, nasjonal eksamen vil slå uheldig ut for elevar som bur i område kor det har vore mykje heimeskule på grunn av korona, som Oslo og Bergen.

«Eksamenskarakterane betyr mykje for elevane når dei skal søkje seg til høgare utdanning, difor må ordninga vere lik og rettferdig for alle,» står det vidare.

Fagerås er oppteken av å gjere våren så føreseieleg som mogleg for elevar og lærarar.

«Det nyttar ikkje å kome med denne beskjeden i mai. Skulane treng tid og ro til å planleggje for ei god sluttvurdering,» skriv Fagerås, som sjølv har lærarbakgrunn.

Her er dei på bølgjelengd med Elevorganisasjonen, som lenge har teke til orde for å avlysa eksamen på grunn av det ekstraordinære skuleåret.

Dei får støtte frå rektorane i Skolelederforbundet, medan kunnskapsdepartementet har bede Utdanningsdirektoratet sjå på saka.

Større forskjellar i 2021

I dag svara kunnskapsministeren Aftenposten Si;D sine lesarar at ho skal få klare råd frå sine fagfolk «i løpet av vinteren».

Seinast tysdag denne veka ba kunnskapsminister Guri Melby (V) elevar og lærarar om å førebu seg på at eksamen går som normalt.

Kunnskapsminister Guri Melby (V). Illustrasjonsfoto: Isaac Smith og foto: Mona Lindseth / Venstre

Snyen er ikkje nøgd med handteringa frå kunnskapsministeren.

– Eg synest ikkje Guri Melby tek elevane på alvor. Me veit at 9500 elevar har mista tilpassa opplæring eller ekstra norskopplæring dei har krav på. Året har vore prega av heimeskule og fjernundervisning. Når me veit undervisninga har vore så forskjellig på grunn av pandemien vert det urettferdig, seier Snyen.

Ho meiner forskjellane i undervisning potensielt er endå større i 2021 enn då eksamen vart avlyst i fjor, fordi heile skuleåret har vore prega av pandemien.

– Har de vurdert heimeeksamen?

– Eg synest det skal vere opp til kvar enkelt skule om dei vil ha ein heildagsprøve eller ikkje, men ein sentralt gitt skriftleg eksamen er ikkje løysinga.

Vil tette kunnskapshola

SU-leiaren peikar vidare på arbeidsbelastninga på lærarane, og ei undersøking der halvparten har sagt at dei vurderer å bytta jobb. Ho meiner heller ikkje at eksamen som førebuing til vegen vidare er eit godt argument.

– Grunnen til at me vil avlyse eksamen er at ein kan bruke tida til å tette kunnskapshola i undervisninga. Om ein vil samanlikne med høgare utdanning har dette kullet fått mykje trening i ansvar for eiga læring, når dei har sitte heime med oppgåver og følgd undervisning på nett.


Arina Aamir er nestleiar i Aker Unge Høgre, og saknar elevane si stemme i debatten om eksamen. Foto: Privat