Elevrådsleiarar over heile Noreg: – Eksamen må avlysast

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 16.01.2022 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten ni av ti elevrådsleiarar i Noreg svarar at eksamen må avlysast. Det kjem fram i ei ny spørjeundersøking som Framtida.no har gjennomført.

Elevrådsleiarane ved 183 vidaregåande skular i Noreg har svart. Til saman vart undersøkinga sendt til 340 norske elevråd.

Skulen stengt i Nordre Follo

Roald Amundsen videregående skole i Nordre Follo er ein av mange vidaregående skular som er stengd no.

– Det siste smitteutbrotet ramma skulen vår hardt. Me har vore på raudt smittenivå i snart tre månader på rad, og no er skulen heilt stengt. Me veit at det er mange elevar som synest det er vanskeleg, og som har det veldig tøft, skriv elevrådsleiarane Mia Nygård og Maria Gjørven i ein epost til Framtida.no.

Mia Nygård og Maria Gjørven er elevrådsleiarar ved Roald Amundsen videregående skole i Nordre Follo kommune. Bildet er tatt før skulen stengde. Foto: privat

Dei fortel at dei fleste elevane ved skulen er samde om at eksamen i år bør avlysast.

– Ein del slit mykje med å læra pensum no når me har heimeskule, og det har vore store forskjellar blant vidaregåande elevar i heile landet sidan smittetrykket har vore ulikt.

Sjølv om nokon kanskje har hatt det greitt med heimeskule, verkar det som at fleirtalet synest det er ekstra vanskeleg, ifølgje elevrådsleiarane ved Roald Amundsen videregående.

– Dette skuleåret har på ingen måte vore betre enn fjoråret, og me ser det ikkje som noko anna ein urettferdig å skulla få årets elevar til å gjennomføra eksamen, spesielt når fjorårets vart avlyst, understrekar Mia Nygård og Maria Gjørven.

Bør eksamen i vidaregåande våren 2021 avlysast?

Bør eksamen i vidaregåande våren 2021 avlysast?

Ja, så snart som råd461
Nei, med mindre smitta tilseier det42
Nei, ein kan finne løysingar som heimeeksamen51
Veit ikkje23
Svar totalt: 577

 

– Feil at elevane skal vurderast på likt grunnlag

Elevrådsleiar ved Stord vidaregåande skule, Hannah Hillersøy Resser, er einig i at eksamenane i vår må avlysast.

– Undervisinga har vore veldig ulik frå skule til skule. Nokre elevar har hatt mykje heimeskule gjennom skuleåret, medan andre har vore på skulen nesten som vanleg. Då er det feil at elevane skal vurderast på likt grunnlag i eksamen, seier ho til Framtida.no.

Elevrådsleiaren ved Stord vidaregåane skule, Hannah Hillersøy Resser, meiner det hastar å få avlyst eksamen. Foto: Bjørn-Sigurd Sælevik Fjose

Hannah Hillersøy Resser seier det òg er forskjell på korleis elevane taklar å ha heimeskule.

– For nokre elevar har det vore vanskeleg, understrekar ho.

Elevrådsleiarar over heile Noreg fortel om uro og bekymringar blant medelevane sine om eksamen, ifølgje spørjeundersøkinga til Framtida.no.

I spørjeundersøkinga er det berre sju prosent av elevrådsleiarane som meiner eksamen kan gjennomførast som vanleg med nødvendige smitteverntiltak på plass.

Krev at kunnskapsministeren tar ansvar snarast

Kunnskapsminister Guri Melby har bede elevar og lærarar om å førebu seg på eksamen, medan ho ventar på ei tilråding frå Utdanningsdirektoratet på om eksamen bør gjennomførast som normalt. Det er kunnskapsministeren som avgjer om eksamen skal gjennomførast.

Elevorganisasjonen har lenge tatt til orde for at eksamen må avlysast.

– Det kjem ikkje som noko sjokk på oss at så mange av elevrådsleiarane vil avlysa eksamen, seier Kristin Schultz, leiar i Elevorganisasjonen.

Kristin Schultz, leiar av Elevorganisasjonen
Foto: Elevorganisasjonen

– Nokre av skulane har vore på raudt nivå nesten samanhengande sidan skulestart og veksla mellom digital heimeskule og undervising på skulen. Samtidig har andre hatt undervising nesten som normalt. Når elevane ikkje har hatt same føresetnadene, så er det einaste ansvarlege å avlysa eksamen, seier Schultz og understrekar at det hastar med å få ei avklaring.

Ho fortel at Elevorganisasjonen ofte høyrer frå elevar som fortel om vanskelege forhold for å læra og det urettferdige i at det er forskjell mellom skulane.

– Me tenkjer at dette er kjipt, og at det er viktigare å passa på at elevane får ta igjen det faglege enn at ein får gjennomført eksamen.

Tobias Eriksen er elevrådsleiar ved Båtsfjord private videregående skole. Foto: KMD

Uroa for elevar sørpå

Båtsfjord kommune i Finnmark er ein av fleire kommunar som har klart å halda smitten nede i pandemitida. Ved Båtsfjord private videregående skole har dei berre hatt éin dag med heimeskule det siste halvåret.

Elevrådsleiar Tobias Eriksen vil likevel avlysa eksamen.

– Det er fordi det er skular sørpå der læringa har blitt nokså redusert. Elevar sørpå gruar seg til eksamen fordi dei har hatt mykje heimeskule. Eksamen gjeld alle elevar i Noreg, og då er det mest rettferdig at eksamen blir avlyst, seier han på telefon til Framtida.no.


Leiar i Sosialistisk Ungdom, Synnøve Kronen Snyen (t.h) er ikkje imponert over kunnskapsminister Guri Melby (V) si handsaming av eksamen og gler seg over at moderpartiet tek saka til Stortinget. Foto: Venstre, SU