Unge Høgre meiner Elevorganisasjonen og andre ungdomsparti brukar pandemien: – Eksamen er ei viktig førebuing

54.000 har skrive under på Elevorganisasjonen sitt opprop mot eksamen. Sosialistisk Ungdom, AUF og Raud Ungdom meiner ein må skrota årets vidaregåandeeksamen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.01.2021 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For studentar er det no heimeeksamen som gjeld, men for elevar på vidaregåande skule er det ikkje før til våren at eksamen står.

Elevorganisasjonen har vore tydelege på at dei ynskjer at myndigheitene skal avlyse eksamen allereie no, for å trygga elevane og gje lærarane høve til å fokusere på ei grundig sluttvurdering.

54.000 har skrive under mot eksamen

«Sluttvurderinga i skulen skal vere rettferdig, og om eksamen vert gjennomført vert det ikkje det. I år har ikkje alle elevane same moglegheit og tilrettelegging i undervisninga, og dette må styresmaktene sjå. La elevane og lærarane saman jobbe fram mot ei solid sluttvurdering me kan stille oss bak,» skreiv leiaren i Elevorganisasjonen Rogaland førre veke.

Over 54.000 har skrive under på Elevorganisasjonen sitt opprop, og fleire ungdomsparti støttar kravet.

Bør eksamen i vidaregåande våren 2021 avlysast?

Bør eksamen i vidaregåande våren 2021 avlysast?

Ja, så snart som råd461
Nei, med mindre smitta tilseier det42
Nei, ein kan finne løysingar som heimeeksamen51
Veit ikkje23
Svar totalt: 577

AUF: – Treng tid, tryggleik og ro

Det er stor ueinigheit blant ungdomspartia når det kjem til eksamen i vidaregåande våren 2021. Måndag møttest FpU og AUF til debatt i TV 2 Nyhetsmorgen.

– Eg meiner at det er altfor tidleg å avlyse eksamen allereie no. Vi må ikkje gløyme at eksamen er ein veldig viktig del av opplæringa til elevane og ei veldig viktig erfaring for dei vidare i utdanningsløpet, sa FpU-leiar Andreas Brännström.

FpU-leiaren meiner det er uklokt å avlyse eksamen allereie no, utan å vurdere alternativa.

Men AUF-leiar Astrid Hoem er klinkande klår:

– I eit amputert skuleår er det ikkje rettferdig å tvinge gjennom ein urettferdig eksamen, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Astrid Willa Eide Hoem

AUF-leiar Astrid Willa Eide Hoem meiner eksamen må avlysast. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet

Ho peikar på at elevar har vore inne og ute av heimemeundervisning og karantene, at lærarar i risikogruppa har undervist via teams, og at ein på skulen må fordela seg på fleire klasserom for å oppretthalde smittevernstiltaka.

– Lærarane som allereie gjer sitt beste i denne situasjonen må rette merksemda si i fleire klasserom samtidig og i tillegg ha digital undervisning. Det er krevjande. Lærarane og elevane treng tid, tryggleik og ro til å fokusera på læring og kunnskap – ikkje på å førebu seg og stresse seg gjennom eksamenar.

SU: – Undervisninga er så forskjellig i heile landet

Også Sosialistisk Ungdom støttar kravet frå Elevorganisasjonen. SU-leiar Synnøve Kronen Snyen peikar på at skuleåret kjem til å vere sterkt prega av pandemien.

– Skulekvardagen er for mange elevar snudd på hovudet. Fleire skular stengjer ned, og elevane får ikkje den undervisninga dei har rett på. Når undervisninga er så forskjellig i heile landet, er ein felles eksamen urettferdig. Politikarane må slutte å tvihalde på eksamensordninga, og heller setje elevane sine behov først!

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Synnøve Kronen Snyen, meiner eksamen må avlysast dette skuleåret. Foto: SU

Unge Høgre: – Ei viktig førebuing for livet etter vidaregåande

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby meiner dette er eit eksempel på folk, parti og organisasjonar som brukar pandemien som ei unnskyldning for å fremma politikk dei uansett er for.

– At dei som er mot eksamen ønskjer å avlyse eksamen er ikkje veldig overraskande, skriv han i ein e-post til Framtida.no.

Unge Høgre-leiar Ola Svenneby meiner eksamen må gjennomførast, så sant det er trygt. Foto: Unge Høyres Landsforbund / NTB

Han meiner det først og fremst er eit spørsmål om smittesituasjonen.

– Dersom smittesituasjonen tillét det, så bør eksamen gjennomførast. Eg trur også ein kan finne digitale moglegheiter, dersom smittetrykket er høgt. Dersom det ikkje er mogleg av smittevernomsyn, bør den avlysast. Verken eg eller Elevorganisasjonen veit korleis smitta kjem til å utvikla seg. Å bestemme seg for å avlyse den no, er vi difor motstandarar av, skriv Svenneby, som understrekar:

– Eksamen er ei viktig førebuing for livet etter vidaregåande. Vi bør derfor gjere det vi kan for at eksamen blir gjennomført.

Raud Ungdom: – Eksamen er ei utdatert vurderingsform

Leiar i Raud Ungdom, Alberte Bekkhus, er slett ikkje einig.

– Eksamen er ei utdatert vurderingsform som vi er i mot uansett, men spesielt no under pandemien.

Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus meiner eksamen er ei utdatert vurderingsform. Foto: Raud Ungdom

Også ho peikar på varierande undervisningskvalitet i året som har gått, men legg til at det har vore eit ekstra tungt år for mange.

– Våren 2021 blir nok ikkje noko særleg betre. I staden for å då køyre på med eksamen, som utgjer ein mental stressfaktor også i «vanlege» år, bør heller læring og elevane si velferd prioriterast, skriv Bekkhus, som òg meiner ein vanleg eksamen hadde vorte urettferdig for mange.

– Det hadde også gjort ei allereie tung tid endå tyngre. Vi treng ikkje nok ein stressfaktor – vi både kan og må prioritera faktisk læring og utvikling.

AUF kritiserer Høgre for formueskatten

– Over 50.000 menneske har signert oppropet om å avlyse eksamen til våren. Unge Høgre burde lytta til det elevane har å seie, svarar SU-leiar Synnøve Kronen Snyen på kritikken frå Unge Høgre.

AUF-leiar Astrid Hoem svarar med å kritisera moderpartiet deira for å ha brukt koronakrisa som unnskyldning til å kutte i formueskatten for dei aller rikaste.

Ho meiner deira eksamensforslag handlar om å lytta til elevane, lærarane og rektorane som står i ein vanskeleg sitasjon.

– Å avlysa eksamen i år vil gje dei betre tid til å driva med undervisning. Det viktigaste for elevane er kunnskapen ein lærer og sit igjen med, skriv Hoem, og legg til:

– I staden for flåsete kommentarar burde Unge Høgre brukt tida til å lytte til dei det faktisk gjeld. Vi er meir opptatt av elevane enn systema.


Les også: Stine (21) fekk ikkje heimeeksamen på nynorsk: – Ein føler seg jo litt liten oppi det heile

NTNU-student Stine Fjellkårstad (20) er skuffa over måten ho vart møtt på då ho klaga på manglande nynorskeksamen. Foto: Privat