Arina (15): «Eg ser på eksamen som ei moglegheit for meg til å vise kva eg får til»

Arina Aamir (15)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Debatten om det skal vere eksamen eller ikkje til sommaren har tatt veldig av – men kvifor blir ikkje vi som faktisk vil bli påverka av denne avgjersla, høyrde i denne debatten?

Elevane først!

Eksamen er også i dag ein viktig del av vurderingsforma i Noreg. Då seier det seg sjølv at eksamen er nøydd til å gjennomførast om det er mogleg!

I staden for sit opposisjonen og prøvar å pressa fram sin eigen politikk framfor å finna løysingar som er det beste for elevane.

Vi er i ein heilt annan situasjon enn det vi var i fjor. Det er difor viktigare enn nokon gang at vi set oss ned for å finna nye moglegheiter på korleis gjennomføra eksamen!

Det er vi elevar som må bli sett først når denne avgjersla blir teken – og ikkje ei venstreorientert vurderingsform som ikkje vil gjere stort anna enn å senke moglegheita norske elevar har til å lukkast betydeleg.

«Eg ser på eksamen som ei øving»

Eg går sjølv i tiande klasse og skal ha eksamen for første gang, og eg ser berre på eksamen som ei moglegheit for meg til å vise kva eg får til i skulen.

Så klart er det skummelt med eksamen, men også i arbeidslivet, familielivet og elles vil ein hamna i situasjonar kor ein har eit ekstra press på seg – og dette er ikkje noko ein kan unngå.

Eg ser på eksamen som ei øving. Ei øving for dei eksamenane eg vil få på vidaregåande, ei øving på å kunne klara å prestera godt under stressande situasjonar – og ei øving som skal vera med på å sikra mi framtid framover også.

Eksamen er ein måte for meg å førebu meg til vegen vidare for eg vil ikkje alltid kunna sleppa unna utfordrande situasjonar sjølv om forholda er annleis enn vanleg.

Det «beste» for meg her og no

Så klart har eg forståing for at vi ligg litt bak grunna koronakrisa, men det skal ikkje bety at våre elevar si framtid skal bli sett på spel!

Venstresida ser berre på forholda her og no, men kva skal skje vidare? Eg treng ikkje politikarar som ser på det «beste» for meg her og no, men eg treng politikarar som set det beste utgangspunktet for meg til vegen vidare òg.

Eg treng politikarar som hjelper meg med å laga eit grunnlag som vil gjere det enklare for meg å kunne lukkast også i framtida!


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Constance Thuv skriv innlegget som politikkansvarleg i BIs studentorganisasjon, men er òg leiar i Viken KrFU. Foto: Privat