Kunnskapsministeren om eksamen: – Skal sørgja for ei avgjerd så raskt som mogleg

Kunnskapsminister Guri Melby (V) kallar inn til hastemøte om eksamen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsministeren kallar inn til hastemøte om eksamen

Tysdag kom Utdanningsdirektoratet med ei klar tilråding til kunnskapsdepartementet om å avlysa skriftleg eksamen på vidaregåande og i grunnskulen. Utdanningsdirektoratet meiner òg munnleg eksamen bør avlysast for å trygga opplæringa og standpunktvurderinga og gi ro rundt avslutninga av skoleåret.

Tysdag ettermiddag seier kunnskapsministeren dette til Framtida.no:

– Det stemmer at me har fått ei fagleg vurdering frå Utdanningsdirektoratet om å avlysa skriftleg eksamen. Eg har allereie invitert til møte med lærarorganisasjonane, Elevorganisasjonen og KS for å drøfta dette innspelet i morgon.

– Når vil du bestemma deg for om eksamen blir avlyst?

– Eg skal sørga for ei avgjerd så raskt som mogleg. Det er viktig at både skular og elevar veit kva dei skal planlegga ut frå. Dette er ei viktig avgjerd som vil få konsekvensar for elevane – både om me vel å ha ei form for eksamen eller å avlysa.

Vil sørgja for at elevane får vitnemål

– Uansett kva utfall me landar på er målet vårt at pandemien ikkje skal hindra nokon elevar i å koma vidare i livet. Me vil derfor koma fram til ei løysing som sikrar at elevane får vitnemål, og at me ikkje lukkar nokon dører for læreplass, fagbrev eller vidare utdanning, avsluttar kunnskapsministeren.

Tilrådinga til Utdanningsdirektoratet er at eksamen blir haldne for dei same gruppene som for eksamen våren 2020. Det betyr at privatisteksamen blir haldne, i tillegg til eksamen for elevar på enkelte utdanningsprogram med særskilde krav til eksamenar.

Elevorganisasjonen håpar på snar avklaring

Måndag kunne Framtida.no melda om at eit stort fleirtal av elevrådsleiarane i Noreg meiner eksamen må avlysast. Og i sist veke bad Skolelederforbundet om at eksamen burde bli avlyst.

Kristin Schultz, leiar av Elevorganisasjonen.
Foto: Elevorganisasjonen

Elevorganisasjonen har lenge tatt til orde for å avlysa vårens eksamen.

– Me i Elevorganisasjonen er utruleg glad for at Utdanningsdirektoratet har kome med denne tilrådinga. Me meiner det er det einaste ansvarlege på dette tidspunktet, og er glade for å ha Utdanningsdirektoratet i ryggen. No må me berre håpa på at kunnskapsminister Guri Melby bestemmer seg for å avlysa eksamen, seier Kristin Schultz, leiar av Elevorganisasjonen.

Sist veke varsla SVs utdanningspolitiske talsperson Mona Fagerås at ho ville ta saka om eksamen til Stortinget.

Til Framtida.no seier Fagerås i ettermiddag at Utdanningsdirektoratet har kome med ei veldig god tilråding, i tråd med forslaget til SV.

– Eg føreset at Melby lyttar til sine eigne fagfolk, elevar og rektorar. Med eksamen ute av vegen, kan skulane driva intensiv undervisning for hindra at elevar stryk i standpunkt i staden, seier Mona Fagerås, som håpar det kan bli fart i saka.

LES OGSÅ: Elevrådsleiarar over heile Noreg: – Eksamen må avlysast

Elevrådsleiar ved Stord vidaregåande skule, Hannah Hillersøy Resser, og Tobias Eriksen, elevrådsleiar ved Båtsfjord private videregående skole, vil begge avlysa eksamen. Illustrasjonsfoto: Leif Harboe / Flickr / CC BY-NC-ND