Datatilsynet om kamera i digital undervisning: – Må erkjenna at det er ei større belastning å ha på kamera

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 13.01.2021 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Datatilsynet om kamera i digital undervisning: – Må erkjenna at det er ei større belastning

For mange elevar og studentar har heimeskule og videoundervisning vorte den nye normalen under koronapandemien.

Men ikkje alle vil ha på kamera i dei digitale klasseromma på Zoom og Teams.

Fylkesleiar i Elevorganisasjonen i Viken, Daniel Martinsen, meiner lærarane må snakke meir med elevane enkeltvis om kvifor dei ikkje vil ha på kamera. Foto: Elevorganisasjonen

– Kan ha utfordringar heime

Fylkesleiar for Elevorganisasjonen i Viken, Daniel Martinsen (16), fortel til VG at dei høyrer historiar om lærarar som trugar med marknad og nektar å starte undervisninga før elevane har slått på kameraet.

Han meiner lærarane gjerne må kome med ei oppmoding om å slå på kamera, men at dei ikkje skal driva ubehageleg press.

– Nokre kan ha utfordringar heime, skammar seg over rot eller eit lite rom, søsken som går rundt, eller andre ting dei ikkje ønskjer å visa fram. Andre kan rett og slett oppleva det som ekstremt ubehageleg å visa seg sjølv på skjerm for heile klassen. Det er viktig at elevane respekterast for dette, seier han til avisa.

Rektor opnar for at lærarar kan kreva kamera

Rektor ved Drammen vidaregåande skule, Kristine Novak, har vore ute i både Utdanningsnytt og VG og sagt at dei vurderer det slik at lærarane kan krevja at elevane har på kamera i undervisninga der det er pedagogisk grunngjeve.

Dei har laga nokre køyrereglar for dette, som inneber at lærarane kan krevja at kameraet er påslått, men at elevane gjerne kan bruka eigen bakgrunn som dekker omgjevnadane.

Novak argumenterer med at andletet er ein viktig del av den uformelle kommunikasjonen, som skapar tryggleik og gode relasjonar mellom menneske.

– Gode relasjoner mellom alle er ein grunnmur for læring. Det å ikkje sjå andletet til dei ein snakkar med og til, kan ha motsett effekt, nemleg skapa utryggleik. Noko som vil hemma god læring, seier rektoren til Utdanningsnytt.

Datatilsynet anbefalar bevisst kamerabruk

Når Framtida.no kontaktar Utdanningsdirektoratet for å høyra korleis dei stiller seg til at lærarar krev at elevar slår på kameraet, viser dei vidare til Datatilsynet.

Seksjonssjef ved seksjon for offentlege tenester i Datatilsynet, Camilla Nervik, forklarar på telefon til Framtida.no at dei ikkje kan gje ein endeleg fasit på om lærararne kan krevja at elevane slår på kamera.

– Vår anbefaling er å vere bevisst på når ein har kamera på og av. Å bestemme seg for kvifor ein har det på og kvifor det er eigna, nokre gonger må ein nyansere.

Seksjonssjef ved seksjon for offentlege tenester i Datatilsynet, Camilla Nervik,

Nervik nemner at det å kontrollere fråvær eller at læraren får respons på undervisninga kan vere legitime grunnar, men at ein må vege dette opp mot dei negative konsekvensane.

– Me må erkjenna at det er ei større belastning å ha på kamera enn å ikkje ha det på. Om ein samanliknar med eit klasserom er det både gode og dårlegare argument for å ha på kamera. Det som handlar om fråvær er eit godt argument, men treng ein då ha det gjennom heile timen? Kanskje treng ein det berre i byrjinga og slutten?

Ho forutset at skulane brukar trygge løysingar for videoundervisning, men peikar på at når ein slår på kamera heime er ein ikkje lenger på nøytral grunn.

– Opplevast mindre trygt digitalt

– I undervisning er normalt ikkje personvern eit tema, men når det vert digitalt så blir det det. Når ein sit der med fire veggar er det annleis, det opplevast mindre trygt digitalt. Ein mistar litt kontroll, understrekar ho.

Nervik synest det høyres ut som Drammen vidaregåande skule har teke høgde for fleire av utfordringane som er diskutert, når dei opnar for at elevane kan velja eigne bakgrunnar.

Ho har ikkje problem med å skjøna lærarar som gjerne vil sjå andleta til elevane, men meiner det kan vere betre argument for å slå på kamera i til dømes diskusjonar enn fellesundervisning.

– Kanskje må ein tole at ein har litt mindre kontroll, seier Nervik.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen