Studentar vil møte opp på eksamen – trass i koronasymptom

NTNU har vore for dårlege til å informere studentane om kva som skjer med eksamen, meiner studentleiaren.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kring 50 prosent av ingeniør- og teknologistudentane ved NTNU i Trondheim seier dei vil møte opp på skuleeksamen, sjølv om dei har koronasymptom. 

Det viser ei undersøking gjennomført av Nito Studentene, og omtalt av Khrono.

Samstundes svarar 60 prosent av studentane at dei er veldig uroa for å verte smitta, dersom fysisk eksamen vert gjennomført.

714 studentar har svara på undersøkinga.

Silje Skyttern, leiar i NITO Studentene, seier det er forståeleg, men bekymringsverdig at studentar vurderer å møte til eksamen, trass koronasymptom. Foto: NITO Studentene

Eksamensuvisse

Silje Skyttern, leiar av Nito Studentene, skuldar NTNU for å ha vore for dårlege til å informere studentane om den komande eksamensavviklinga:

– Studentane veit ikkje kva dei skal gjere viss dei vaknar på eksamensdagen med sår hals. Vil dei måtte vente til etter sommaren med å ta eksamen? seier ho til Khrono.

Skyttern peikar på at 22 prosent av studentane svara at dei framleis ikkje veit om dei skal ha fysisk eksamen eller ei, sjølv om eksamenstida nærmar seg. 

I ein e-post til Khrono skriv prorektor for utdanning, Marit Reitan, at det er beklageleg at studentane må gå i uvisse om noko så viktig som eksamen, men at eksamensperioden endå ikkje er ferdig planlagt.

Reitan seier fleire og fleire eksamenar vil verte heimeeksamenar, og at NTNU vurderer å arrangere ei ekstra eksamensperiode til våren, slik at dei som må halde seg heime grunna koronasymptom slepp vente til hausten for å ta oppatt eksamenar dei mister.

NTNU-student Oda Mo Eikefet (21) fryktar at manglande digital undervisning kan få konsekvensar for studentar i risikogruppene. Foto: Privat