«Krev eksamen på nynorsk!»

Ådne Reidar Nes Kleppe
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For mange studentar er eksamen rett rundt hjørnet, eller så har ein allereie byrja med å skrive eksamensoppgåver. Til deg som no sit midt i eksamensstresset vil eg og resten av sentralstyret i Norsk Målungdom kome med ei oppmoding:

Stå på retten din til eksamen på nynorsk!

Når du tek eksamen ved høgare utdanning i Noreg på offentlege høgskular eller universitet, har du rett på eksamen på ditt hovudmål.

Viss du har bede om eksamen på nynorsk og ikkje får det, så bryt faktisk utdanningsinstitusjonen lova. Dette er sjølvsagt forkasteleg, og Norsk Målungdom står på barrikadane for at dine rettar som nynorskbrukar skal bli oppretthaldne.

Av erfaring veit vi diverre at mange norske universitet er utruleg dårlege til å oppfylle dei språklege rettane du som nynorskbrukar i høgare utdanning har. Difor har vi i fleire år hatt vår eigen klageportal. Der kan du sende inn di klage, så tek vi den vidare til institusjonen og du får vere anonym.

Vi hjelper kvart år mange studentar med å klage – både på dårleg språk og rett og slett manglande eksamen på nynorsk.

Det er diskriminering

Eg har sjølv ved fleire høve vore i den situasjonen at eg skal ha eksamen, men så får eg oppgåveteksten, og den er dårleg formulert og vanskeleg å tyde.

Når eg så har lese gjennom bokmålsoppgåva, har den vore lagt meir flid i å gjerast forståeleg. Ved nokre høve har det til og med vore slik at nynorskoppgåva har vore formulert så dårleg at eg kunne ha enda opp med å svare heilt feil, om eg ikkje hadde forhøyrd meg med professor før eg skreiv svaret mitt.

Det skal ikkje vere slik at det er bakdelar med å skrive nynorsk, og fordelar med å skrive bokmål. Det er diskriminering.

Viss du skulle vere så uheldig å ikkje få eksamen på nynorsk vil vi på det sterkaste anbefale deg om å klage! Vi vil særs gjerne hjelpe deg. På Norsk Målungdom sin klageportal kan du både legge inn klage på manglande nynorskeksamen, dårleg språk, eller andre utfordringar rundt språket på eksamen. Heilt anonymt.

Klaga di bidreg både til at universiteta skjerpar seg og til at vi får kartlagt problemet. Desto enklare er det å få gjort noko med det!


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Les også intervjuet med Stine (21), som ikkje fekk heimeeksamen på nynorsk: – Ein føler seg jo litt liten oppi det heile

NTNU-student Stine Fjellkårstad (20) er skuffa over måten ho vart møtt på då ho klaga på manglande nynorskeksamen. Foto: Privat