Studiestart: Desse kontoane må du følgje

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bu og leve

@min_drittleilighet

For mange er studentlivet første gong ein møter leigemarknaden. Med trang studentøkonomi må ein gjerne gå for ei billig løysing, eller kanskje er du heilt desperat og må gå for noko overprisa.

På denne kontoen samlar dei dårlege leilegheits-historiar og tips og triks, så du vei kva du skal unngå og sjå etter på visning. Her er også ressursar og hjelpemiddel dersom du treng juridisk hjelp.

@mybedroomspace

For dei fleste startar studielivet i kollektiv, med kun soverommet som sitt eige. Då er det ekstra viktig å føle seg heime der. Her får du inspirasjon til korleis du kan innreda ditt soverom.

Mat

@middagfor25kr

Marie Thrane har ein master i folkehelsevitenskap, og deler sine mattips som er både bærekraftige og billig. Perfekt for ei sliten studentlommebok.

@spisoppmaten

Det er også mykje  pengar å  spara på gode restemiddagar. Her får du tips til kva du kan laga av restane dine – og samstundes få ned matsvinnet.

@sunn.student

Er du lei av nudlar og Grandiosa utan særleg næring? Her får du gode mattips, som også er sunne.

@student.matglede

Kaja Gray som sjølv er student, kjem med sine tips for billige, raske og studentvennlige matrettar.

@fattig.student

Den kanskje mest kjende matkontoen for dei som vil ete raskt – og billig.

Økonomi

@spareamalie

Har du byrja å tenke på ditt første bustadkjøp, eller berre lurer på korleis du skal få råd til ferie neste år? Spare-Amalie kjem med sine tips på sparing og økonomi.

@gjeldsfri

16% av studentane i 2019 svarte i ei undersøking at dei ofte tek i bruk kredittkort for å kunne betala sine utgifter. Ingeborg Bern Egeland driv denne kontoen og deler frå sine eigne erfaringar med gjeld og forbrukslån, og korleis ho greide å betala det ned.

@berikelse

Her får du tips om korleis ein lagar budsjett, korleis ein kan starta med fond-sparing, korleis ein kan lura seg sjølv til å spara litt ekstra innimellom og mykje meir.

Studietips

@dekanus

Her får du studietips- og triks som kan gjere læringa litt lettare.

@homeworkhelpglobal

For dei fleste inneber studietida også ein del skriving. Her får du tips til korleis du gjer teksten betre, studieteknikkar, motivasjon og studietips.

Ein college-student deler sine tips og triks. Korleis ta notat, korleis førebu seg til eksamen, korleis planlegga kvardagen og mykje meir.

Din skule og ditt miljø

Sist men ikkje minst: finn din skule eller universitet. Ditt fakultet. Din studentpub og kanskje fakultetspub. Din studentorganisasjon. Ditt studentparlament.
@studentsnakk er Norsk studentorganisasjon (NSO) sin konto.

Lindah Chido Matsapa, Sait Matty Jaw og Mostafa Elsayed Hussin har alle fått ein av dei ettertrakta plassane i Students at risk-ordninga. Foto: Privat/UiB