Hadia og Sigurd var generalsekretærar på OD-dagen
Vidaregåandeelevane fekk prøve seg som generalsekretærar i Norsk Folkehjelp, samstundes som dei samla inn pengar til skuleungdom i Sør-Afrika.
– Det er ukult å droppe OD, seier Sigurd Klev (17). Han går på Foss vidaregåande skule og er nestleiar i AUF i Oslo.
Framtida møter Klev og Hadia Amar (17) på kontoret til Norsk Folkehjelp, der dei får prøve seg som generalsekretærar på OD-dagen. Dei søkte seg til Norsk Folkehjelp for å kunne bidra til ein av Noregs viktigaste solidaritetsorganisasjonar, seier dei.
Årets OD-sak støttar ungdom i Sør-Afrika.
Operasjon Dagsverk (OD)
Noregs største solidaritetsaksjon av, med og for ungdom.
Elevar over heile Noreg lærer kvart år om ein sak ungdom andre stader i verda jobbar for å endre.
På OD-dagen kan ungdom i Noreg jobbe éin dag og tene pengar til årets OD-prosjekt.
I 2026 går pengane til ungdomsorganisasjonen Equal Education i Sør-Afrika.
Prosjektet er i samarbeid med SAIH, Norsk Folkehjelp og NF Solidaritetsungdom.
Kjelde: Operasjon Dagsverk
– Det er viktig å bidra, seier Amar. Ho går på Fyrstikkalleen vidaregåande skule, og er elles frivillig ved MiRA – Ressurssenter for kvinner med minoritetsbakgrunn.
Ho meiner at når andre er i ein sårbar situasjon, må ein trå til, for det kostar ikkje mykje å hjelpe.
– Viktig prosjekt
– Eg meiner prosjektet i år er særleg viktig, då utdanninga er avgjerande for kva slags moglegheiter eit individ får, skriv leiar av Operasjon Dagsverk i Buskerud Christian Aaslid (18) i ein e-post.
Sjølv om apartheid tok slutt for over 30 år sidan, kjempar ungdom i Sør-Afrika ein dagleg kamp mot arven frå raseskiljet.
– Sidan 1948 har det sørafrikanske samfunnet vore systematisk segregert, kor ein kvit minoritet har sete med makta, rettane og ressursane, mens den svarte majoriteten fekk liten innflytelse på samfunnet, få rettar og få ressursar. Dette førte til enorme sosiale ulikskapar som også påverka skulegangen, skriv Aaslid.

Haustseminaret til OD. Frå venstre Christian Aaslid saman med to andre frå distriktskomitéen. Foto: Operasjon Dagsverk
Betre skuleforhold
Skular i mellom anna «township-områda» held på å falle saman, skriv Operasjon Dagsverk på nettsidene sine. Klasserom er overfylte, der opp mot hundre elevar kan dele på ein lærar. Det er skadar i skulebygg, og elevar manglar fungerande toalett, ventilasjonssystem og reint drikkevatn.
På den andre sida, i dei rikare områda, fungerer skulane meir optimalt. Der kan skulane ha svømmebasseng, bibliotek og idrettsbaner.
Pengane frå Operasjon Dagsverk skal bidra til å betre skuleforhold, og til å minske ulikskap mellom elevar som går på ulike skular ved å presse politikarar, drive kampanjar og ta saker til retten. Operasjon Dagsverk samarbeider med Equal Education (EE), som er ein ungdomsorganisasjon som fremjar rettferdig utdanning for alle. Dei krev endring, og ynsker å sikre grunnleggande rettar for alle elevar, uavhengig av bakgrunn og kor dei bur.
Operasjon Dagsverk støttar Equal Education i samarbeid med SAIH, Norsk Folkehjelp og Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.
Set ting i perspektiv
I løpet av dagen har dei to generalsekretær-vikarane i Norsk Folkehjelp hatt besøk av «equalizers» frå Equal Education, som har fortalt om skulekvardagen til elevar i Sør-Afrika.
– Det set søkelys på kor privilegerte vi er. Her sit eg i elevrådet og grin om at vi ikkje har nok sitjeplassar ute, og så har du elevar frå Sør-Afrika som berre ønskjer ei utdanning. Det set ting i perspektiv, seier Klev.

I løpet av dagen har Hadia Amar og Sigrud Klev hatt besøk av Equal Education og SAIH, og hatt kontroll over Instagram-brukaren til Norsk Folkehjelp. Foto: Marte Midtskogen Berger
For Amar gav OD-dagen ho meir kunnskap og nye erfaringar.
– Ein blir meir takknemleg, og det er oppsiktsvekkande at nokon har ein sånn realitet.






