Regjeringa set av ein ekstra milliard til bygging av studentbustader
Regjeringa aukar Husbankens låneramme med ein milliard kroner for å bygge fleire studentbustader.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Auken skal gå til å støtte opp om den ekstraordinære satsinga på studentbustader. Dermed vil ei rekke viktige studentbustadprosjekt få tilsegn om lån allereie i år, skriv kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.
I tillegg til den auka låneramma løyver Kunnskapsdepartementet 370 millionar kroner ekstra til bygging av nye studentbustader.
– Det betyr at fleire studentar får tilgang til eit rimeleg og føreseieleg bustadtilbod raskare, skriv forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i pressemeldinga.
Blant dei byggeprosjekta som no får lån, er eitt på Ås, eitt i Stanger, eitt i Volda og tre prosjekt i Oslo.
- Les også oppmodinga frå student-leiaren til kommunane: – Legg til rette for studentbustadar