Undersøking: Musikk kan gi betre karakterar på eksamen

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

6 av 10 studentar føler seg meir effektive eller fokuserte når dei lyttar til musikk, og like mange synest musikk er viktig i eksamenstida. Det kjem fram i ei undersøking utført av YouGov for Sonos.

I tillegg føler 9 av 10 studenter at musikk aukar trivselen på studiet.

– Pop, rock og hiphop er dei meste populære sjangrane å lytta til medan ein studerer, og Kygo og Alan Walker er blant dei meste populære artistane. I tillegg oppgir 4 av 10 studentar at dei føretrekk å studera til musikk utan vokal, forklarer Ninni Lindertz, nordisk marknadssjef for høgttalarselskapet Sonos i ei pressemelding.

Høyrer du på musikk medan du studerer?

Høyrer du på musikk medan du studerer?

Ja!34
Ja, men utan vokal.17
Nei. 8
Av og til. 14
Svar totalt: 73

 

SJÅ FLEIRE TIPS TIL EKSAMEN!

Professor Geir Olve Skeie har skrive bok om korleis musikken påverkar hjernen vår. Foto: Anna Julia Granberg

Bidrar til konsentrasjon over tid

Geir Olve Skeie er nevrolog og professor i musikk, og han meiner funna frå undersøkinga passar veldig bra med tidlegare forsking.

– Musikk verker generelt stimulerande, aktiverer hjernen og set han på ein måte i stand til å yta sitt beste. Musikk hjelper deg med å halda konsentrasjonen oppe over tid. I periodar med mykje lesing kan nok musikken gjera det lettare å halda det gåande lengre. Ein blir ikkje så fort sliten og føler seg meir vel med bakgrunnsmusikk, seier Skeie, ifølgje pressemeldinga.

Han har skrive boka «Musikk og hjernen» saman med Are Brean.

Ifølgje professoren er det mange som har sett god effekt av bakgrunnsmusikk når dei skal læra inn ulike evner. Samtidig understrekar han dei individuelle skilnadene.

– Enkelte studiar tyder på at meir introverte personlegdommar kan bli forstyrra av bakgrunnsmusikk, medan dei som er meir omgjengelege får ein generelt stimulerande effekt og yter betre med bakgrunnsmusikk, seier Skeie.

LES OGSÅ: Musikk skjerpar konsentrasjonen

Vel velkjend musikk

Er du student og vil prøva deg fram med musikk medan du studerer, har professor Skeie fleire tips.

– Viss du føler at musikken gjer deg meir effektiv, så har du sikkert rett. Viss du føler at han er forstyrrande, så har du vanlegvis rett då òg. Det avheng mellom anna av personlegdom og kva for oppgåver du skal løysa.

Det er likevel nokre ting du bør vera obs på:

– Men viss du vel å ha på musikk, så bør det vera noko velkjent og ikkje for krevande å lytta til. På den måten tar det ikkje for mykje av merksemda. Det bør òg vera noko som får deg til å føla deg vel og som gir litt energi, avsluttar Skeie.

Ifølgje musikkforskaren Will Henshall er det ikkje så lurt å høyra på ein sjanger du likar, då det kan øydeleggja produktiviteten din.