Smartbriller: Studentar kan bli kasta ut frå campus

Medan regjeringa jobbar med eit lovforslag om mellombels forbod, har fleire universitet byrja å jobbe med eigne retningslinjer for smartbriller.

NPK-NTB
Publisert

Ved NTNU blir det foreslått forbod mot skjulte opptak gjort «ved bruk av kroppsnær teknologi» og all bruk av smartbriller, skriv Khrono.

Det blir også foreslått «disiplinære tiltak» for tilsette som brukar smartbriller medan dei jobbar for NTNU.

For studentar blir det foreslått at bruk av smartbriller og skjult opptak skal føre til utestenging frå campus.

– Både studentar og tilsette skal kunne opphalde seg sikkert og trygt på campus, i alle slags situasjonar, utan å vere bekymra for at det blir gjort opptak av dei med ein type teknologi som ikkje er veldig synleg at blir brukt, seier NTNU-direktør Bjørn Haugstad.

Han presiserer at dette er eit utkast til retningslinjer og ikkje noko NTNU har vedteke.

Høgskulen på Vestlandet opplyser at dei drøftar saka internt, og at dei truleg landar på ei linje om ikkje lenge. Universitetet i Agder opplyser at dette kan bli omfatta av eit forslag til retningslinjer for opptak og strøyming av undervisning, medan Universitetet i Bergen førebels ikkje har konkludert.

Regjeringa har varsla eit mellombels forbod mot KI-briller og kroppsnær teknologi. Dei tek sikte på å leggje fram lovutkast for Stortinget i løpet av våren 2027.