Nær 2 av 5 studentar får pengehjelp frå foreldre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire menn enn kvinner får pengestøtte heimanfrå, viser ei spørjeundersøking Sentio har utført for Universitas og Norsk studentorganisasjon (NSO).

Halvparten av dei spurde som studerer ved Universitetet i Oslo, får pengar heimanfrå for å klare seg økonomisk. Talet for dei som studerer ved Handelshøyskolen BI og Westerdals, er 31 prosent. Ved Oslo Met får 25 prosent av studentane pengar frå foreldra.

Kan du leve av studielånet?

Kan du leve av studielånet?

Ja, det går.13
Nei, mor/far hjelper til.15
Nei, må ha deltidsjobb.28
Må ha både støtte og jobb.7
Veit ikkje. 5
Eg har ikkje studielån.4
Svar totalt: 72

Sju av ti må ha deltidsjobb

Undersøkinga viser òg at det er flest i aldersgruppa 21 eller yngre som får pengar frå foreldre.

–⁠ Sju av ti studentar seier dei ikkje kan studere utan å ha deltidsjobb. Det kan ha konsekvensar for studiane, og ein får ulike føresetnader for å lykkast i utdanninga, seier Håkon Randgaard Mikalsen, leiar for Norsk studentorganisasjon til Universitas.

913 studentar frå heile landet har deltatt i undersøkinga.

Les også: Lise (32) har snart spart nok til å kunne pensjonere seg