Difor endrar klimahaldningane seg så lite: Gløym nettrolla, sikt på dei som sit på gjerdet

Kvifor er det framleis klimaskeptikarar i Noreg, og kva skal til for at folk endrar meining i klimaspørsmålet?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Energi og klima, og er sett om til nynorsk av Framtida.no.

Norsk medborgerpanel målar nordmenn sine haldningar til klimaendringane og årsaka til dei. Den siste runden av undersøkinga viser at eit stabilt mindretal trur menneskeleg aktivitet i liten grad påverkar klimaet. Forskarane har skrive om desse funna til Energi og klima.

Kva er det som er årsaka til at nokre nordmenn ikkje trur på klimaforskinga, når forskinga er så klar som den er?

Kva skal til for at klimaskeptikarane skiftar meining, burde vi vere meir bekymra, og kva meiner folk i andre land om klimaendringane?

2°C: – Korleis skil Noreg seg frå andre land i slike meiningsmålingar? 

Thea Gregersen er stipendiat ved Institutt for samfunnspsykologi og Senter for klima og energiomstilling (CET), Universitetet i Bergen. Ho er òg medlem av Forskningsenheten for klima og miljø i Norsk medborgerpanel. Foto: UiB

Thea Gregersen: – Det har vorte synleg dei siste åra i ei rekkje ulike internasjonale undersøkingar at nordmenn er meir skeptiske til grada av menneskeleg påverknad på klimaet samanlikna med mange andre land.

I Europa viser Noreg og Storbritannia nokre av dei same tendensane som USA. USA er kjent for ein høg del klimaskeptikarar, høg polarisering og låg bekymring. Det vi ser i Noreg er ikkje like ekstremt, men vi ser nokre av dei same trekka: Relativt låg bekymring, høg klimaskepsis og faktisk også polarisering.

Motivert resonnement

– Det med polarisering må du forklare nærmare.

– Med det meiner eg at haldninga til spørsmålet avheng av kor ein plasserer seg på ei politisk høgre-venstre-akse. Di meir til høgre, di mindre bekymra og meir skeptisk til menneskeskapte klimaendringar. Det ser vi mindre av i land sør eller aust i Europa. Tendensen mot slik polarisering i Europa ser ut til å vere sterkast i Storbritannia og Noreg.

– Men forskinga er jo lik for alle, i alle land. Så kvifor vert det fleire klimaskeptikarar i desse landa?

– Det kan kanskje delvis verte forklart med det vi kallar motivert resonnement. Det vil seie at informasjonen, ofte ubevisst, vert tolka eller vektlagd i tråd med det ein ønskjer å tru for å verne gruppeidentiteten og verdiane ein har. Vi kan seie at informasjonen går gjennom eit ideologisk filter.

Det kan bidra til å dempe kognitiv dissonans. Altså når du opplever ei ubehageleg uovereinsstemming mellom kva du veit og kva du gjer.

Dersom du veit at klimaendringane skjer og at di åtferd bidreg til det, kan du anten velje å endre åtferd, eller endre haldningar. Motivert resonnering kan hjelpe deg der: Kanskje klima ikkje er  menneskeskapt? Då slepp eg jo å sykle til jobben, og så mister ikkje Noreg oljeinntektene sine.

– Distanse til klimaendringar gjev lita bekymring

– Er det verkeleg så enkelt? Er det oljen som er grunnen til at vi er så skeptiske?

– Det er vanskeleg å svare på, men olja er nok ein viktig del av vår norske identitet og nyare historie. Om det er bevisst eller ikkje – gjev det oss kanskje ein motivasjon til å oppretthalde tilstanden og haldningane vi har. Vi ser riktignok også at andre land i Nord-Europa viser høgare skepsis og mindre bekymring enn land i Sør-Europa. Kanskje fordi ein har meir å tape på å endre åtferd her oppe.

Olja er nok ein viktig del av vår norske identitet og nyare historie

Det handlar også om oppfatta risiko og forventningar om korleis klimaendringane vil påverke landet ditt og deg personleg.

I Noreg har vi nok både psykologisk og faktisk distanse til dei meir dramatiske klimaendringane. Vi opplever i lita grad det same som dei gjer i til dømes Spania, Portugal og India med tanke på ekstremvêr. Forsking viser nettopp at når ein opplever knytt til klimaendringane, vert det vanskelegare å sjå vekk frå. Då kan bekymringa auke.

Polarisert skepsis

– I tala dykkar ser vi jo også ei auke i bekymring frå 2018-2019, var det vêret som gjorde det? 

– Det året var det mykje ekstremvêr, i tillegg la FN sitt klimapanel fram spesialrapporten om 1,5 grader oppvarming, som fekk mykje merksemd. Det er nok sannsynleg at distansen vart litt mindre for mange, ja.

– Det er fleire menn enn kvinner som er klimaskeptikarar, og fleire eldre enn yngre. Bortsett frå det, kva kjenneteiknar klimeskeptikarar?

– På individnivå ligg dei ut til høgre – det ser vi spesielt i USA, der politisk orientering åleine ofte er sett som den viktigaste enkeltfaktoren. I tillegg har utdanning noko å seie. Men det intressante, og dette er igjen basert på data frå USA, er at forholdet mellom utdanning og klimahaldningar vert påverka av ideologi. Di høgare utdanning du har, di meir bekymra vert du om du identifiserer deg med venstresida.

Dei som identifiserer seg på høgresida, derimot, kan interessant nok verte mindre bekymra og meir skeptiske – eller oppretthalde dei nivåa dei allereie hadde.

Her er vi igjen inne på dette med motivert resonnement – dei brukar kanskje kunnskapen sin og evnene sine til å finne den vesle forskinga som er kontrær, til å finne tilforlatelege forklaringar som mogeleggjer å oppretthalde eit visst verdsbilete.

Adventfjorden på Svalbard frys ikkje lenger til om vinteren. Arkivfoto: Bente Kjøllesdal

Også pengar tel

– Og i Europa?

– Her ser det ikkje ut til å vere like ekstremt, men bekymringa aukar nok meir hjå dei som er lengre til venstre. Verdiane ein ofte knyt til den politiske venstresida passar nok betre overeins med å skulle handtere klimaendringane. Og kunnskapen ein har, vert tolka og vektlagd i tråd med det.

Til slutt har også personleg økonomi vist seg å vere relevant. Di meir pengar du har, di større grunn har du kanskje til å motsetje deg tiltak som kan redusere mogelegheitene du har.

Om du tenker deg at du har meir å tape på klimaendringar, og du til dømes aldri vil ha råd til å skaffe deg bil eller reise på helgetur til London, då er det kanskje ingen grunn til å tvile på at klimaendringane er menneskeskapte.

– Så … klimaskeptikarane er først og fremst konservative, kvite, rike menn, og dei staaste har høg utdanning? 

– Det har vorte populært å gruppere det på den måten, sett på spissen. Ein måte å freiste å forklare klimaskeptikere i USA på, er at ein har eit ønske om å oppretthalde økonomisk vekst. Du har enkelte tankesmier i USA som har stilt spørsmål med kor mykje menneskeleg aktivitet eigentleg har å seie. Dei har lagt til rette for å finne unnskyldningar og vekkforklaringar, fordi ein ønskjer å oppretthalde det økonomiske systemet.

Du har jo litt den same retorikken i Noreg – om at norsk olje ikkje er like skiten som anna olje. Du treng ikkje fornekte klimaforsking for å leggje til rette for klimaskeptikarar. Du treng berre vere litt utydeleg, stille litt leiande spørsmål.

– Problemet er ikkje mangel på kunnskap

– Men bortsett frå den vesle knekken i 2018-2019 er det få endringar i norske haldningar – kvifor det? Vi som formidlar klimakunnskap, er den jobben vi gjer forgjeves?

– Igjen: Eitt av svara på kvifor det endrar seg så lite, heng saman med ideologi, verdiar og identitet. Det er tøft å endre. Det vert så sentralt for kven du er som person.

Då er det fort gjort å tolke ny informasjon i lys av det du ønske å tru er riktig, for å verne gruppeidentiteten din og unngå å måtte endre åtferd. Det i seg sjølv indikerer at det er avgrensa kor mykje det nyttar med reine informasjonskampanjar.

– Kvifor?

– Fordi då går du jo ut frå at problemet er mangel på kunnskap. Men forsking viser at det ofte ikkje er tilfelle. Vi har kunnskap, men den har kanskje gått gjennom dette ideologiske filteret. I tillegg krev åtferdsendring at vi, både som individ og som land, tek ansvar.

– Så informasjonskampanjar er håplause?

– Nei, det er ikkje det eg meiner. Men dersom ein ikkje berre skal snakke til meinigheita må ein kanskje skreddesy ein del av informasjonen. Slik at den kjennest relevant for gruppene ein freistar å nå. Det er ikkje alle det gjer så mykje inntrykk på at havet stig på andre sida av jordkloden.

Regnet stoppa ikkje streikarane frå å fremma bodskapen sin på plakatar, då det var skulestreik framfor Stortinget 24. mai 2019. Arkivfoto: Mateo Jimenez Tilrem

– Bodskapet må treffe mottakaren

– Korleis kan vi då gå fram praktisk for å skape haldningsendringar? 

– I staden for å fokusere på issmelting ved polane, kan du til dømes viser korleis klimaendringane påverkar økosystema i ditt nærområde, og liva til deg og dei rundt deg. Skreddersyr du informasjon til ulike grupper, vert det lettare for nøkkelpersonar innan dei ulike gruppene å ta ansvar for å vise fram konsensusen som er der.

Vi er veldig opptekne – kanskje meir enn vi er klar over og komfortable med – av kva som er rekna som akseptert, «riktig» og «kult» i vår gruppe. Elitane innanfor gruppene vi identifiserer oss med, har difor ei stor mogelegheit til å vere med å skape konsensus om god klimapolitikk. Det synest eg også er eit ansvar alle våre politiske leiarar bør ta inn over seg.

Vi er veldig opptekne av kva som er rekna som akseptert, «riktig» og «kult» i vår gruppe

Men då må informasjonen kjennest relevant for dei gruppene det gjeld. Dersom vi framhevar at «alle» som stemmer MDG synest det er kult med sykkel, kan vi ikkje forvente at det skal vere ein effektiv strategi for å overtale Frp-veljarane om at bilfritt sentrum er ein god idé.

Vi kan bruke eit døme frå USA. Det er sjølvsagt ikkje tilfelle at ingen republikanarar trur på menneskeskapte klimaendringar. Og eg las nyleg om republikanske politikarar som ønskjer endring, og nettopp har tilpassa informasjonen for å verte høyrde. I staden for å selje inn solceller som eit klimatiltak har dei mellom anna lagt vekt på korleis solcellepanel gjev mogelegheit for arbeidsplassar og sjølvforsyning. Kvifor skal staten bestemme kor du skal få straumen din frå?

Media overdriv usemja

– Så vi kan stoppe nettrolla ved å finne informasjon som er relevante for dei?

– Akkurat nettrolla ville eg ikkje bekymra meg for. Mykje av motstanden kjem ofte frå eit lite, vokalt mindretal. Ser vi på dei overordna tala for heile Noreg, er det like fullt ei lita gruppe som alltid sit på gjerdet. Sats heller på dei.

– Til slutt: Korleis tek vi brodden av polariseringa? 

– Først og fremst skal vi ikkje overdrive kor mykje polarisering det faktisk er. Då vi målte haldnigar til vindkraft, og viste den til forskarar som jobba på havvindsenteret, stussa dei over at det var så mange som støtta vindkraft på land, fordi det er så mykje negativ merksemd rundt vindparkar i media. Sterke stemmer får mykje plass og gjev inntrykk av ei større usemje enn det som er tilfellet.

Det siste er faktisk eit problem. Uforholdsmessig mykje merksemd kan skape inntrykk av ein slags falsk konsensus, som igjen kan gje grobotn for usikkerheit i befolkninga. Då Bergens Tidende slo opp på førstesida av éin av fem nordmenn ikkje trur på menneskeskapte klimaendringar – då verkar det meir dramatisk enn det er.

Går vi glipp av nyansane?

– Kor stor skepsisen verkar vert påverka av korleis vi som forskarar, eller avisane, stiller spørsmål. Og kva svaralternativ som kan veljast.

Om vi ser på spørsmålet vi har stilt i Norsk Medborgerpanel, så svarar jo over 90 prosent at klimaet endrar seg. Usemja er først og fremst årsaka i stor eller lita grad er er menneskeleg aktivitet. Og «lita grad» betyr ikkje «inga grad». Resultata hadde kanskje vore annleis dersom vi spesifiserte at vi snakkar om klimaendringane som har skjedd dei siste 100 åra og gje fleire svaralternativ. Det er noko vi skal sjå på vidare.

Vi har ein tendens til å gje for mykje merksemd til dei som skrik høgt og er veldig skeptiske. Det er ikkje der debatten eigentleg ligg. Dei aller fleste meiner menneske til ei viss grad påverkar klimaet. Og det er denne «grada» vi kan gjere noko med. Debatten kan og bør førstog fremst fokusere på kva tiltak vi skal ta i bruk for å unngå at konsekvensane vert meir alvorlege enn det dei treng verte. Det er meir enn nok politisk usemje å hente der.

Karoline Andaur

Karoline Andaur er generalsekretær i WWF Verdens naturfond.
Foto: Haakon Nordvik /WWF Verdens naturfond