Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den globale produksjonen av klede og skotøy står for åtte prosent av verdas klimagassutslepp. FN-organet Unctad har peikt ut klesindustrien som ein av dei mest forureinande industriane i verda.

Mykje av produksjonen føregår i Asia, der dei i hovudsak er avhengige av kol og naturgass for å få elektrisitet. Held me fram i same tempo som i dag, vil utsleppa frå denne industrien stige med nesten 50 prosent innan 2030. 

Utslepp frå klesindustrien står for meir enn internasjonale flygingar og maritim shipping samanlagt, skriv FN.

Vil at du skal bruka kleda dobbelt så lenge

Denne veka går årets Tekstilaksjon av stabelen. Målet i år er å få folk til å bruka kleda sine dobbelt så lenge, for å kutta karbonavtrykket mest mogleg.

Heile femti prosent, ifølgje aksjonen. 

Ifølgje FN har talet på kor mange gonger eit klesplagg har blitt brukt, sunke med 36 prosent dei siste femten åra.

Dei oppmodar mellom anna til å tenka seg om før ein kjøper noko, og at ein kjøper god kvalitet som varar. Dei ber bransjen om å produsera kvalitetsprodukt og politikarane om å gjera det billegare å reparera.

– Betre produkt er den viktigaste endringa

Ifølgje ei ny studie frå SIFO oppgir 58 prosent av oss at me ville ha brukt kleda lenger dersom dei var av betre kvalitet.

– Betre produkt er den viktigaste endringa som både reparasjonsbransjen og forbrukarane er einige om at vil auke levetida på produkt og styrke bransjen, seier Vilde Haugrønning, ein av SIFO-forskarane bak undersøkinga.

I 2012 svara 71 prosent at dei ville ha betalt litt meir om me visste at plagget var av god kvalitet.

Halverte utslepp om ein brukar kleda oftare

Svenske Mistra Future Fashion har også gjort ei undersøking på samanhengen mellom utslepp og talet på gonger ein brukar eit plagg i Sverige.

– Klimagassutsleppa frå svensk klesforbruk er omlag 330 kg CO2 eg. per person. Sjølv om dette berre er omlag tre prosent av ein utsleppa til ein gjennomsnittleg svenske, må det eigentleg ned på null i ei berekraftig framtid, skriv dei i rapporten. 

Kjelde: «Environmental assessment of Swedish clothing consumption – six garments, sustainable futures. 2019» av Mistra future Fashion.

Korleis bruke klede lengre?

I same rapport kjem det fram at produksjon av bomull, er det som tek desidert mest vatn, noko som er understøtta av fleire andre rapportar.

Det krev til dømes 2700 liter vatn å produsere eí t-skjorte.

Tekstilaksjonen oppmodar difor folk til å bruka kleda mykje og «elska» plagga ein allereie har. Ein kan til dømes redesigne.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Hvordan doble bruken av tekstilene dine? Hva med å redesigne dem? ???♻️#elsktekstilenedine #tekstilaksjonen

Et innlegg delt av Tekstilaksjonen (@tekstilaksjonen.no)

Kjøp kun klede du vil bruke hundrevis av gonger

Ifølge SIFO-rapporten «Klesforbruk i Norge» (2016) har nordmenn kleda sine gjennomsnittleg i 5,4 år. Kvart femte plagg blir aldri brukt.

Forskar Ingun Klepp, ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Fretex får inn 50 tonn tekstilar kvar dag, og ifølgje ein studie av OsloMet brukar kvar av oss omlag 13-16 kg nytt tøy i året.

– Det me gjer no, med så kort brukstid av klede, er ei katastrofe for miljøet. Ingen menneske burde kjøpe klede som dei ikkje har lyst til å bruke hundrevis av gonger. Då burde dei heller låna eller leiga, sa forskar Ingun Klepp til NRK i august.

Gjenbruks- og redesignentusiast Ingrid Vik Lysne er glad i ulljakken ho laga av eit ullteppe funne på Fretex. Foto: Privat