Ny undersøking: Dei med høgast inntekt er mest «klimaskeptiske»

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei under 30 er meir bekymra for klimaet og meir villige til å støtte klimapolitikk, seier Cicero-forskar Marianne Aasen til NTB.

Ho peikar på at tida vil vise om denne aldersgruppa vil endre syn når dei blir eldre.

– Likevel, med klimastreikane og engasjementet vi ser òg blant dei under 18, er det ikkje usannsynleg at engasjementet vil følgje dei som er yngre no, gjennom livet, seier ho.

Forskingsstiftinga Cicero har for andre år på rad gjennomført ei stor spørjeundersøking om haldningane nordmenn har til klimaendringar og tiltak. Om lag 4.000 personar er spurde.

Lite støtte for klimatiltak

Alt i alt må undersøkinga, som blir presentert under Arendalsveka, vere ein nedtur for politikarar som har gjort klimatiltak til valkampsak.

Undersøkinga viser at bompengar er svært lite populært, og eit fleirtal misliker ideen om å betale meir for bensin og diesel eller raudt kjøtt.

Sjølv om rundt 70 prosent seier dei sjølv har ansvar for å bidra til å redusere utsleppa sine, seier 61,5 prosent nei takk til å droppe flyturar.

56 prosent vil framleis køyre bensin- og dieselbil som i dag, og 54 prosent vil ete like mykje raudt kjøtt.

Å kaste mindre mat er det einaste tiltaket eit fleirtal (57 prosent) seier dei er villige til.

Unge vaksne meir positive til klimapolitikk

Men ei haldningsendring kan altså vere på veg, for dei mellom 18 og 29 år skil seg tydeleg ut i mange av spørsmåla.

– Dei mellom 18 og 30 er klart meir bekymra og meir positive til klimapolitikk og klimatiltak generelt enn dei andre aldersgruppene. Dette gjeld òg dei mindre populære tiltaka, som til dømes avgifter, seier Aasen.

57 prosent av dei under 30 seier at dei ganske eller veldig bekymra for klimaendringar, eit syn som berre blir delt av opp mot ein tredel blant dei over 45.

Motstanden mot auka prisar på bensin og diesel er mykje mindre hos dei under 30 enn dei eldre. Det same gjeld spørsmålet om auka prisar på raudt kjøtt, ifølgje Aasen.

Dei under 30 er òg meir positive til vindkraftutbygging på land og til bompengar.

Les fleire artiklar i serien vår om lokale klimaløysingar!

Ein av ti er klimaskeptikarar

Totalt er 55 prosent av dei spurde i undersøkinga imot bompengar, medan 20 prosent er positive.

Motstanden mot bompengar er ulikt fordelt rundt om i landet. Dei som bur i Oslo og Akershus, og dessutan dei i Trøndelag og nordover, er meir positive enn i andre landsdelar.

At klimaendringar skjer, er vi stort sett samde om, men framleis seier 11 prosent at dei tviler på eller ikkje trur at endringane er menneskeskapte.

Samtidig er det stadig færre som fornektar at klimaendringane i det heile skjer. I årets undersøking var berre 2,4 prosent usamd i påstanden om at klimaendringar skjer, mot 4,4 prosent i fjor.

Undersøkinga viser òg at dei med høgast inntekt er mest «klimaskeptiske», mindre bekymra for endringane og mindre villige til å gjere noko. Det gjeld særleg dei med inntekt over 800.000 kroner, opplyser Aasen.

LES OGSÅ: Desse elevane vil byte seg til godt klimasamvit

Benjamin Kaldestadbakken, Frida Viktoria Tveitnes Moe, Astrid Jordåen, Vilde-Oline Andersen Risnes, Veslemøy Sømoe Huglen og Malin Grøsvik Almås testa ut bruktkle før alle andre på Stord vidaregåande skule.

Fakta om Ciceros undersøking

  • Cicero har spurt om lag 4.000 nordmenn om haldningar til klimaendringar og klimapolitikk. Nokre spørsmål er stilt til berre halve utvalet. Dette er nokre av funna:
  • 2,4 prosent er ganske eller svært usamd i påstanden om at klimaendringar skjer. I fjor var denne delen på 4,4 prosent.
  • 11 prosent er negative eller tvilande til at endringane er menneskeskapte.
  • 36,4 prosent er ganske eller veldig bekymra for klimaendringar.
  • 45 prosent seier seg samd i at dei har ansvar for å støtte politikk som reduserer klimautsleppa.
  • 70 prosent seier dei har ansvar for å redusere eigne klimagassutslepp.
  • 55 prosent er svært eller ganske negative til bompengar.
  • Om lag 50 prosent er imot å auke prisen på bensin og diesel, medan 20 prosent er for.
  • 51 prosent meiner Noreg bør auke vindkraftproduksjonen på land. Støtta har sokke kraftig frå fjorårets 64 prosent.
  • 57 prosent er samd i at ein må prioritere plass til fotgjengarar og syklistar framfor privatbilistar, ein auke frå 51 prosent i undersøkinga i fjor.
  • Kjelde: Cicero

(©NPK)