Klimahåp for folk flest: – Må gi folk tru på at det er mogeleg å løyse problema

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Omslag: Aschehoug

Forfattaren bak boka «Håp – En praktisk guide for klimaoptimister» vil vise kva folk flest kan gjere for å lette på klimaavtrykket og samstundes gi ei forståing for kvifor dette er så viktig.

Og kanskje kan risgrynsgraut, pannekaker og tomatsuppe vere ei hjelp på vegen?

Med 30 år bak seg som tekstforfattar i reklamebransjen har Gulli hatt ein heil del jobb med å få oss forbrukarar til å handle meir. Men for to år sidan, då FN sitt klimapanel gav oss 12 år på å nå 1,5 gradersmålet, bestemte han seg for å ta den endelege avgjersla.

No arbeider han fulltid med å få fart på det grøne skiftet, og da kjem erfaring med kommunikasjon godt med.

Petter Gulli er forfattaren bak boka «Håp – en praktisk guide for klimaoptimister». Foto: Carine Løvic Ahlström / ASIA Aker Brygge

– Klimakommunikasjon må vere motiverande. Klimadebatten blir tyngre og meir dyster. Men eg trur du må gi folk tru på at det er mogleg å løyse problema og lyst til å bli med, seier Gulli.

I boka ønsker han å formidle at det er ille, men at det kjem til å gå. Eller som han seier sjølv: den brutale sanninga, men også dei moglegheitene som er der.

Pannekaker for klima?

Og for folk flest, treng det ikkje vere så vanskeleg å leve meir klimavennleg, ifølgje Gulli.

– Ta pannekaker, tomatsuppe og risgrynsgraut for eksempel, mange av oss tenkjer ikkje over at det faktisk er kjøtfrie måltid. Det treng ikkje vere så vanskeleg å lage ein kjøtfri middag som mange av oss tenkjer at det er, seier Gulli.

– Ein må ikkje bli vegetarianar, men dei fleste av oss må ete mindre kjøt, legg han til.

Forbrukarmakta

Tipsa er enkle, og mange har nok høyrt dei før:

– Det handlar om å bruke betalingskortet ditt til å stemme på gode merkevarer. Bruker vi forbrukarmakta vår til å støtte gode merkevarer, tvingar vi dårlege merke til å omstille seg. Dette handlar om systematiske endringar, som ikkje treng å gi ein reduksjon i livskvalitet, seier Gulli.

Han håper kravet om kvalitet aukar hos forbrukarane. Samstundes trur han vi vil sjå at stadig fleire vil føretrekke å leige framfor å eige i framtida.

– Vi må få tilbake kvalitetskravet når vi kjøper varer og tenester. Dermed må vi kanskje vere villige til å bruke meir pengar på ting, så framt dyrare er lik betre kvalitet. Ta for eksempel klede, møblar og sportsutstyr. Vi må handle varer som er designa og produserte for å vare lenge og vere resirkulerbare.

– Vi må få tilbake kvalitetskravet når vi handlar varer, meiner Petter Gulli. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK

Det bra som skjer

Ein viktig del av å kommunisere om klima meiner Gulli er å vise alt det bra som skjer. Som dei mange gründerbedriftene som har vakse fram dei siste åra. Eller korleis mange etablerte bedrifter byrjar å endre tankegangen.

– Grøn innovasjon er i vinden som aldri før. Og ikkje minst, finst det mange grøne gründerbedrifter som finn løysingar for det grøne skiftet, legg han til.

I boka skriv han at den nye økonomien er sirkulær. Fleire bedrifter har som mål å bli sirkulære dei neste 10–20 åra, noko som blant anna inneber å bruke om igjen mest mogleg. Med andre ord eit prinsipp vi kjenner godt til, men kanskje har gløymt litt.

Koronaskifte?

Ei undersøking utført av Opinion viser at 1 av 3 vil at regjeringa skal vise same handlekraft i klimakrisa som i koronakrisa, ifølgje NRK.

Gulli trur koronapandemien kan påverke korleis vi vil stille oss til klimakrisa i framtida.

– Eg trur det vil kunne påverke oss både globalt og lokalt. Tenk i India, kva skjer når innbyggjarane der plutseleg kan sjå Himalaya i det fjerne, at dei ser kva rein luft faktisk er? Og her heime har vi kanskje fått nye verdisett, med større fokus på tid rundt middagsbordet og turar i nærområdet?

– Eller så kan det hende at alt dundrar tilbake til det same gamle, men eg håpar dette kan vere ein unik sjanse til å byggje vidare på den dugnadsånda vi har vist, legg Gulli til.

«Heller Vy enn fly» var bodskapet under klimastreiken fredag 24. mai 2019. Foto: Mateo Jimenez Tilrem