Etter skredet gjekk Line Ylvisåker på jakt etter svar: – Er det rare vêret klimaendringane?

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.06.2020 12:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Laurdag den 19. desember 2015 dundra snøen ned frå fjellet Sukkertoppen og inn i Longyearbyen, som nett var i ferd med å vakne.»

Omslag: Samlaget

Slik opnar den nylanserte boka Verda mi smeltar.

Då snøskredet kvelva nedover dei pittoreske spisshusa i Longyearbyen, ein desemberdag for nesten fem år sidan, var journalist og forfattar Line Nagell Ylvisåker trygg i heimen sin lenger nede i dalen.

Men i vesle, avsidesliggande Longyearbyen vart ein rørt av tragedien sjølv om ein var hundrevis av meter unna dramaet:

– Det gjorde eit kjempestort inntrykk. Ein kjenner jo mange av personane som vert råka, når ein bur på ein liten plass som Longyearbyen, fortel Line Ylvisåker på telefon til Framtida.no.

Det rare vêret

Fleire personar måtte gravast ut av snømassane, etter at veldige krefter flytta rekkjehusa fleire titals meter frå si opphavelege tomt. To personar mista livet, ei lita jente og ein familiefar.

– Det var forferdeleg, og det kunne gått endå verre, seier Ylvisåker.

– Først fekk eg behov for å skjøne kva som hadde skjedd, men så heldt det rare vêret fram.

Det står framleis nokre spisshus att i Longyearbyen, og i sida på Sukkertoppen står det no gjerder som skal verne mot skred. Arkivfoto: Bente Kjøllesdal

Hausten etter regnar det kraftig i den arktiske ørkenen, og det går jordskred om sommaren og snøskred om vinteren.

Mot slutten av februar 2017 lausnar snøen på ny frå Sukkertoppen, men skredvarslingssystemet som var kome på plass hadde svikta. Denne gongen kjem alle unna med livet i behald.

Men hjå Ylvisåker kvernar dei små grå:

– Eg vart uroleg, og byrja å tenkje: Er dette rare vêret klimaendringane?

Små klimadrypp

Line Ylvisåker flytta til Longyearbyen for første gong i 2004 for å ha praksis som journalist i Svalbardposten. Ho vart bergteken.

Eitt år seinare flytta ho nordover for godt, og no sit ho der med ring på fingeren, to barn og sjølvbygd hus.

Sidan 37-åringen først landa på ishavsøya har ho vore vitne til både ekstreme vêrhendingar og små endringar i miljøet rundt ho.

Naturen ho flytte nordover for å nyte, er ikkje lenger heilt den same.

Adventfjorden frys ikkje, permafrosten tiner, havet vert varmare og surare, og tidlegare tørre snødagar er tunge av regn.

Adventfjorden på Svalbard. Arkivfoto: Bente Kjøllesdal

Som journalist i verdas nordlegaste avis har Ylvisåker skrive om klima i små drypp, ein artikkel om at temperaturen stig her og ein om at isbreane trekker seg tilbake der.

– Men det har vore vanskeleg å overføre konsekvensane av abstrakte tal og små drypp til sitt eige liv, seier journalisten.

Når verda smeltar

Etter snøskredet vart det stadig vanskelegare å ikkje ta inn over seg kva følgjene av klimaendringane kan verte.

Line Nagell Ylvisåker bestemte seg difor for å oppsøke folk som har peiling på klima slik at dei kunne forklare ho kva som skjer på hennar nye heimplass.

– Det er mange som har budd her på Svalbard lenge, og som seier at isen har alltid gått tilbake og så kome att. «Det har alltid vore periodar med regn på vinteren,» forklarar Ylvisåker.

Men den forklaringa gav ikkje 37-åringen ro. Ho fekk ei trong til å forstå desse svingingane – kva skuldast menneske og kva er naturleg? Korleis heng hav og atmosfære saman?

Ho har difor vore med på havtokt for å måle temperaturen i Isfjorden, for å finne ut korleis atlanterhavsvatnet påverkar havstraumane rundt den arktiske øya.

Ho har vore med ein klimaforskar for å setje opp nye temperaturloggar i tundraen, og ho har møtt meteorologkonsulenten som held auge med vêret frå flytårnet.

Resultatet har ho samla mellom dei to permane i Verda mi smeltar, som ho no debuterer med på Samlaget. Boka er allereie seld til Sverige.

Line Nagell Ylvisåker har mellom anna vore med klimaforskar Ketil Isaksen ved Meteorologisk institutt og reinsdyrforskar Åshild Ønvik Pedersen ved Norsk Polarinstitutt for å setje ned temperaturloggarar i ulike typar vegetasjon ved Janssonhaugen. Foto: Line Nagell Ylvisåker

Klodens raskaste oppvarming

For Line Nagell Ylvisåker sjølv var det ein augeopnar at temperaturen på jorda har svinga i millionar av år – inn og ut av istid – men at menneskeleg aktivitet no gjer at klimasystemet kjem ut av balanse. Temperaturen på kloden aukar meir, som følgje av menneskeskapte utslepp.

Det finst ingen annan plass på kloden der denne globale oppvarminga skjer raskare enn i Svalbardsregionen.

Dei siste 60 åra har temperaturauken i regionen vore kring tre gongar høgare enn i Oslo, og seks gongar høgare enn den globale temperaturauken.

Temperaturen på Svalbard låg over normalen i 111 månadar i strekk, før den no i mars søkk til 0,5 grad under normaltemperatur. Det var første gong sidan 2010.

Då Framtida.no intervjua den Longyearbyen-baserte klimaforskaren Kim Holmen, fortalde han at Svalbard er ein varsellampe for kva som kan kome til å hende i resten av verda.

– Eit paradoks

Ylvisåker medgjev at ho sjølv også syntest det var tungt å sjå endringane for det dei er – mogelege spor på eit varmare klima:

– Eg tenkte på det før eg byrja å skrive: Vil eg dette? Når ein går inn i det, så må ein ta stilling til det på ein annan måte. Eg har reflektert mykje om korleis vi lever liva våre i dag – alt vil forbruker, alle reisene vi tek. Alt er så travelt og så mykje føregår digitalt, og vi fjernar oss frå oss sjølve, andre og naturen.

Line Nagell Ylvisåker og venninna Eli Anne Ersdal (på bilete) inspiserer skredgjerda som er sette opp for å fange snøen frå Sukkertoppen. Juli 2018. Foto: Line Nagell Ylvisåker

Ylvisåker fortel at ho fekk dårleg samvit då ho og familien planla ein tur til atlanterhavsøya Kapp Verde, for å kome unna mørketida i Longyearbyen medan ho skreiv boka.

Men ho har også teke ei rekkje val for å leve så miljøvennleg ho maktar på Svalbard. Toyota Yarisen er bytt ut med ein sykkel, ho har mista sølvkortet i SAS, huset hennar er innreia med møblar som kan vare i fleire titals år.

–  Alt vi et og alt vi forbruker vert transportert opp hit med fly eller båt. Vi har energi frå kolkraftverk og frykteleg dårleg isolerte hus. Det er eit paradoks at her, kor det vert varma opp raskast, så har ein også det største CO2-avtrykket, seier Ylvisåker.

Eit lite klimavenleg samfunn

Men det å leve klimavenleg er vanskeleg i dagens samfunn.

– Eg er berre ein vanleg person, og det er vanskeleg å vere moralpoliti. Samfunnet er ikkje lagt opp til dette. Det er store strukturar og system som må endrast. Vi må tenkje annleis, reise og forbruke mindre, puste meir.

I boka stiller Ylvisåker også spørsmål ved mange av dei vala som har vorte gjorde i forvaltninga av Svalbard – kvifor stenge ned Sveagruva og bruke millionar på å rydde vekk kvart einaste teikn på at der har vore mennekeleg aktivitet, men samstundes fyre med kol i Longyearbyen og ikkje ha noko tak på turistverksemda?

Line Nagell Ylvisåker har også stilt seg sjølv store spørsmål: Bør ho eigentleg bu i Longyearbyen i det heile eller bør naturen få ligge for seg sjølv?

– Eg byrja prosessen med å vere redd for at me skal miste den arktiske kjensla. Dei våte vintrane som vart kjempemørke og som gjorde turmogelegheitene mindre enn vanleg – dei gjorde noko med lysta til å bu her.

For no har ho landa på at Longyearbyen er heime, men ho set endå større pris på naturen og mogelegheitene på ishavsøya ho bur på, for det er ikkje sikkert det varer.

Amalie Henriksen er ein av få som har budd nesten heile livet sitt i Longyearbyen på Svalbard. Bakgrunnsfoto/portrett: Bente Kjøllesdal