Klimakamp og klassekamp går hand i hand, me krev systemendring ikkje klimaendring

Salman Akhtar Chaudhry
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Me ser at samfunnet i dag er styrt av eit kapitalistisk system som er grunnen til at me står føre vår tids største utfordring, nemleg klimakrisa. Menneske fluktar kvar dag frå heimane sine fordi klimakrisa øydelegger det einaste dei kjenner og har, slik at søkkrike kapitalistar kan jakta på det einaste dei kjenner, kortsiktig profitt.

Dagens marknad er ein aktiv kamp mot klima. Marknaden me har i dag vert tvungen til å prioritera det som er mest kostnadseffektivt over klima- og menneskelege behov. Dersom ein vel å gå for meir klimavennleg produksjon vert du kasta ut av marknaden. Anten ein vert kjøpt opp eller dytta ut av konkurransen.

Overforbruk

Det er dei få, men dei rike på toppen som kontrollerer arbeidet til dei mange på botnen. Det har seg slik at i dag er det 100 av verdas rikaste selskap som står for 71 prosent av heile verdas klimagassutslepp.

Kapitalismens kortsiktige mål fører difor til eit stadig aukande forbruk av avgrensa naturressursar. Det er her hovudproblemet ligg. Jordas evne til å reprodusere naturressursar går ikkje overeins med vårt overforbruk, og står difor i strid med eit bærekraftig forbruk. Konstant vekst matar forbrukarsamfunnet me har i dag.

Det har blitt danne eit bilete av at om ein sluttar å kjøpa mistar ein velferda. På den måten kan kapitalismen forsette å lage nye unødvendige produkt som man eigentleg ikkje treng. Men me kjøper fordi me trur at me ikkje lev i ein velferdsstat om ein ikkje kjøper ein ny iphone kvart år.

Ofrar jorda vår for profitt

Kapitalismen øydelegg og sel naturen vår som ei vare. Dette ser me eit tydeleg eksempel på når me berre har tre prosent dyrkbar mark att i Noreg, og fortsett å ofre den for profitt. Me veit at for å ha ei berekraftig jord så kan me ikkje berre utnytte naturen, me må leve i samspel med den.

Det er ikkje me som enkeltpersonar som har ansvar for å redde klimaet. Det er me som samfunn som har ansvar for å ta grep. Det er dei store selskapa som har dei største utsleppa, og det er derfor dei har eit særskilt ansvar for å kutte i sine utslepp.

Samtidig ser me at det er nokre land som har eit ekstremt overforbruk medan det er andre i verda som er på flukt grunna klima- og miljøkatastrofar. Dette er menneske som rammast av brutale og døydelege flaumar, jordskjelv, heitebølgjer, tørke og skogbrannar. Tørke har me sjølv sett eksempel på her i Noreg hos norske bønder og norsk jordbruk.

Det er alt for stor skeivheit mellom klimaverstingane og dei som tar støyten. Difor går klimakamp og klassekamp hand-i-hand.

Sjølv om det er viktig å løyse alle enkelttiltak for å betra klima og miljø, ser me at det er sjølve samfunnsstrukturen som skapar miljø og klimakrisa.

Me vil ikkje berre fjerne symptoma, men sjølve rota til problemet. Dette er grunnen til at me krev ei systemendring ikkje klimaendring.

Omsett til nynorsk av Hannah Resser i Stord SU.

– Eg er veldig spent. Det er godt å få skrive boka ferdig, og at den no skal ut, men eg er ikkje van til å vere på den andre sidan av journalistblokka, fortel Line Nagell Ylvisårker som no debuterer som forfattar med boka «Verda mi smeltar». Portrettfoto: Samlaget / Bakgrunnsbilete av Adventfjorden på Svalbard: Bente Kjøllesdal