WWF ber om naturavgift for å sikra gjenoppbygging av natur

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 17.06.2021 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje er naturen verdt: – Set pris på naturen!

– Ei naturavgift vil sørgja for at fleire prosjekt som vindkraft kanskje ikkje vil skje som i dag, fordi inngrepa er for store og det vil bli for kostbart å bygga ut slik ein gjer i dag, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdens naturfond.

Ho trur det ville føra til færre og mindre prosjekt og mindre inngrep i naturen.

Klima vs. naturvern?

Vindmøller og vasskraft gir rein og fornybar energi som me treng meir av for å hindra større klimaendringar. Men samstundes fører begge deler med seg inngrep i naturen. Kva skal ein prioritera?

– Me er avhengig av begge deler. Krisene me har for både natur og klima forsterker kvarandre. Me må forsikra oss at me har fornybar energi, inkludert i Noreg, og ta vare på naturen, seier Andaur og legg til:

– Naturen er klodens immunsystem mot klimakrisa. Naturleg karbonlagring er veldig viktig. Myrane gjer det og røtene til trea våre. Det bidrar til at me taklar klimaendringane betre.

Set ein pris på naturen

WWF Verdens naturfond går inn for at det skal setjast ein pris på naturen.

– Det er ikkje rett fram å seia kva naturen kostar. Men ein kan seia at viss ein øydelegg eit myrområde, så kan ein sjå kva det kostar å restaurera eit anna liknande myrområde. Det kan ein estimera verdien av. Både når det gjeld kor mange som må jobba med det, kva tiltak som må gjerast og kor lang tid det vil ta. Då kan ein setja ein pris på øydelegginga og kva det vil kosta å bygga det opp igjen.

Norske myrer inneheld 3,5 milliardar tonn karbondioksid, som svarar til 66 års norske klimagassutslepp. Foto: Justin Cron/Unsplash

Og lurer du på kva naturen er verdt? Verdien av såkalla naturgode er rekna å vera 120-145.000 milliardar dollar – kvart år. Det er 1,5 gonger så mykje som det globale brutto nasjonalproduktet.

Naturrisiko

I desember 2018 kom klimarisikoutvalet med sin rapport om klimarisiko, og fleire bankar og forsikringsselskap hadde då for lengst tatt omsyn til klimarisiko når dei skulle gi lån til kundane sine. DNB har nekta å gi lån selskap som forureinar, og seier dei gir lågare rente ved lågare utslepp.

LES OGSÅ: Eid vil «klimavaske» sparepengane sine

WWF ønskjer at regjeringa set ned eit eige utval for naturrisiko, og ser på verdien av såkalla «økosystem»-tenester.

Bier er viktige medhjelprarar i pollineringsprosessen. Foto: Kuhmi, Flickr Cc-commons

Andaur trekk fram at fleire har tatt til orde for setja ein pris på jobben til pollinatorar som bier, humler og veps.

– Kor viktig er den jobben for oss menneske? Dei pollinerer eplehagar og bær, og viss ikkje me har dei insektene, så må me gjera det for hand. Det er ekstremt dyrt, og noko ein gløymer, påpeikar Karoline Andaur.

WWF har tatt dette vidare til dei store finansielle selskapa.

– Når dei investerer og gir forsikring til selskap, så spør dei: Har dei selskapa vurdert verdikjeda si, sine ressursuttak og om dei øydelegg økosystem og naturen slik at dei risikerer sitt eige forretningsgrunnlag? Der opplever me at finansbransjen er mykje lenger framme enn politikarane, og jobbar allereie med å sjå på korleis det kan sjå ut i praksis.

Finans Norge representerer dei fleste bankane og forsikringsselskapa i Noreg og er allereie i gang med å vurdera naturrisiko.

Karoline Andaur er generalsekretær i WWF Verdas naturfond

– Me har ein enorm evne til å løysa problem, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdens naturfond. Foto: WWF/Ivan Tostrup

Treng meir kunnskap fortare

WWF meiner det er behov for meir kunnskap om naturverdiane i Noreg.

– Me har lyst til å laga eit økologisk grunnkart med oversikt over dei viktigaste økologiske verdiane me har i Noreg.

Det er sett av pengar til dette i statsbudsjettet, men WWF synest det går for sakte.

– Det er kanskje noko av det viktigaste ein kan gjera for å ha god kunnskap før ein set i gang med å byggja ut. Det vil føra til mindre konfliktar, fordi då veit ein kva verdiar som står på spel.

Enormt omfang

I fjor la FNs naturpanel fram ein rapport som åtvarar mot at éin millionar artar kan bli utrydda. Fleire forskarar meiner me nærmar oss ei sjette masseutrydding. Tidlegare har store vulkanutbrot og astroidar forårsaka dette. For første gong er det oss menneske som har skulda. Påverknaden til oss menneske på jorda er så stor at mange meiner me er på veg inn i den nye geologiske tidsalderen antropocen.

– Kva tenkjer du om omfanget av dette?

– Omfanget er jo enormt. Me har forårsaka dette, men så har me også ein enorm evne til å løysa problem også. Det gjev meg håp når eg er ute og snakkar med folk, kanskje spesielt i næringslivet. Tidlegare har me brukt mykje tid på å forklara kva problemet er, men no går ein rett på løysingane. Mange ser forretningsmulegheiter.

Karoline Andaur nemner utsleppsfrie ferjer og annan grøn teknologi der næringslivet på Vestlandet er verdsleiande, og kan eksportera denne til verda.

havvind

Havvindmøller under montering på Stord, rett utfor Noregs største plattformverft, Kværner Stord. Foto: Svein Olav Langåker

Nye næringar

– Det er kanskje eit dumt spørsmål, men kor ligg det pengar i å ta vare på naturen?

– Har me ikkje ein leveleg natur, så har me ikkje noko å leva av. Ein kan sjølvsagt seia at ein kan driva med shipping og segla på havet utan at det finst dyr der. Men samtidig så må ein ha ein samfunnsaksept med det ein driv med. Me ønskjer at Noreg er verdsleiande, slik at me kan bruka den kompetansen me har i Noreg og bidra til at andre næringar har eit verdigrunnlag.

Karoline Andaur meiner ein naturavgifta kan gi fleire arbeidsplassar i naturskjødsel, der fleire arbeider med å ta vare på naturen.

– Det vil ikkje gi ekstra pengar i statskassa, men vil gå til å forvalta naturområda som me skal leva av i mange tusen år.

Intervjuet er ei forkorta utgåve av Klimasamtale #1: La 2020 bli vendepunktet for naturen på Haugesund folkebibliotek mellom generalsekretær i WWF Karoline Andaur og Framtida.no-redaktør Svein Olav B. Langåker.

https://www.youtube.com/watch?v=10irytL5ihU