Slik deltek du i den digitale skulestreiken

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi forstår at regjeringa er meir opptene av å stoppe spreiinga av korona akkurat no – men dei kan ikkje gløyme at naturen og klimaet er på eit bristepunkt, seier Andreas Randøy, 2. nestleiar i Natur og Ungdom, i ei pressemelding.

Organisasjonen oppmodar difor til ein ny internasjonal skulestreik, men grunna korona skal den føregå digitalt.

– Eg trur det er viktigare enn nokon gong at vi aksjonerer, for å minne politikarane på at vi framleis er i ei klimakrise som trugar framtida til dagens unge, seier Randøy.

Kva skjer?

Fredag 24. april skal unge over heile verda igjen skulestreike for klimaet.

Natur og Ungdom oppmodar norske elevar til å streike frå heimeundervisinga, i protest mot den politiske tiltaksløysa i klimakampen. Miljøorganisasjonen skal strøyme direkte frå sitt hovudkontor i Oslo, og deskar opp med både appellar og konsert med Sløtface.

Det vert også mogeleg å følgje direktestraumen frå den internasjonale skulestreiken. Friday for Future kjem til å ha YouTube-sending i 24 timar, der dei mellom anna vil syne streikar frå 20 ulike stadar i verda.

Kven står bak streiken?

Det finst ikkje ein eigen Friday for Future-organisasjon i Noreg.

Her er det ungdomsorganisasjonane Natur og Ungdom, Changemaker, KFUK-KFUM Global, Spire og World Saving Hustle som står bak hovudplanlegginga.

Samstundes tek lokallag og enkeltpersonar sjølvstendige iniativ til eigne streikar og markeringar.

Korleis streikar du?

Ein kan ikkje samlast i tusental som tidlegare gonger, men ein kan aksjonera kvar for seg eller med ein venn på to meters avstand.

Det kan vera heime hos deg der ein familie, to vener eller ein enkeltperson kjem til å streika.

Kvar enkeltmarkering vert rekna som ein streik. Meld inn streiken din på kartet her.

Kvar fredag pleier aktivist-kollektivet å delta i klimastreikane. No skjer det digitalt.
Bakerst f.v.: Frida Therese Grønvik, Amalia-Louise Miniggio, Inger-Johanne Jørstad. Framme f.v.: Victor Støle, Børre Jørstad (hund) og Martin Skadal. Foto: Privat

Ta eit bilete og del på sosiale medium med #climatestrikeonline eller #digitalskolestreik.

Ynskjer du kontakt med andre streikande kan du ta kontakt med Natur og Ungdom, som kan finne nokon i nærleiken av deg.

Kor mange kjem til å streika?

Då ungdomsorganisasjonane annonserte streiken i februar, før koronakrisa hadde nådd Noreg, håpte dei å setje ny rekord både i tal streikar og tal oppmøtte.

Den til no største skulestreiken var også den første nasjonale skulestreiken for klimaet, 22. mars 2019. Då streika kring 40 000 elevar for klimahandling.

No har arrangørane tilpassa forhåpningane sine til situasjonen verda er i, og håpar på over 1000 registrerte streikar og rekord i tal norske streikar på éin dag.

– Fokuset har skifta frå å samlast flest mogleg til å få flest mogleg plassar og prikkar på kartet. Me vil heller ha streik på 1000 plassar enn å samla 1000 folk, sa Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie til Framtida.no i mars.

Her kan du sjå kor og kor mange som har registrert streik så langt.

Kva er krava?

  • Kutte 55 prosent av norske utslepp innan 2030
  • Ingen nye leitelisensar til olje og gass
  • Vis internasjonal solidaritet for klimastreikarar: Noreg må gi 65 milliardar kroner i klimafinansiering årleg – og ingen klimastreikarar må bli forfølgde av styresmaktene sine
  • Stans tapet av naturmangfaldet

Krava frå klimastreikarane har vorte noko justert frå første skulestreik til no, men er i hovudsak dei same.

Krava var også oppe til debatt i Stortinget i juni i fjor, men då gjekk eit overveldande fleirtal mot å innfri krava. Berre SV, MDG og Raudt støtta då klimastreikarane.

Kvifor streikar ein framleis for klima?

Leiaren i Natur og ungdom, Therese Hugstmyr Woie, sa til Framtida.no i mars at ho har stor forståing for at dei politiske ressursane no går til å løyse koronakrisa, men at ein også må tenkje på klima opp i det heile:

– Denne krisa viser kor oljeavhengig Noreg er og det er heilt klart overlapp i våre interesser og korleis sikra ein tryggare økonomi i framtida, slo ho fast.

Samstundes sa Natur og Ungdom-leiaren at mange av medlemmane i organisasjonen kan verte stressa av at det ikkje er framgang i klimasaka, sjølv om det hastar:

– Det kan vere vanskeleg å føle at alt plutseleg står stille, ingen politikarar snakkar om det lenger og framtidsutsiktene er ikkje blitt mindre skumle enn dei var for nokre veker sida.

Les fleire saker om temaet: 

Til venstre: Italia. Foto: Tommi Boom. Til høgre: Margarita Naumenko (15) i Moskva. Der er lovene så strenge at ein må stå minst 50 meter frå kvarandre i “enkeltpersons-demonstrasjonar”. Foto: Privat