Varslar ny skulestreik for klima

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke meldte regjeringa inn forsterka klimamål til FN på minst 50% kutt innan 2030 og ikkje lenge før la dei fram Klimakur 2030. 

– Noreg har eit historisk ansvar for å kutte 430% av utslepp, og om vi får til 50% på heimebane er dette ein god start, men på langt nær nok. Det er på tide at regjeringas klimapolitikk gjenspeglar alvoret av klimakrisa vi står ovanfor, og bidreg til ei meir rettferdig verd, seier Kristin Sønnesyn Berg, leiar for Politisk utvalg for klimarettferdighet i KFUK-KFUM Global, i ei pressemelding.

Les også: Noreg aukar klimakuttmål: – Set press på resten av det internasjonale samfunnet

F.v. Changemaker-leiar Embla Regine Mathisen, Spire-leiar Hege Skarrud og Natur og Ungdom-leiar Therese Huggstmyr Woie.Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix, Changemakers, Spire, Thor Due/Natur og Ungdom. Collage av Framtida.

– Vi unge har ikkje blitt høyrt

No mobiliserer ungdomsorganisasjonane KFUK-KFUM Global, Spire, Natur og Ungdom, World Saving Hustle og Changemaker til ny skulestreik.

Dei meiner det framleis er ein «enorm avstand» mellom politikarane sine løfter og krava skuleelevane som streika fleire gonger i 2019.

Vi unge har ikkje blitt høyrt i klimasaka. Har vi ikkje sagt ifrå tydeleg nok? I såfall kjem vi til å gjere det no når vi tek ut til ny storstreik for klima, seier Tina Razimafimby Våje, ein av initiativtakerne til skulestreik i Norge, i ei pressemelding.

Håpar på rekord

Datoen er sett til 24. april, ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt. Organisasjonane håpar på rekordoppmøte både i tal på oppmøtte og tal på stader med streik i Noreg.

I tillegg til tidlegare krav, har dei lagt til eitt punkt: «Stans tapet av naturmangfald». I tillegg ynskjer dei mellom anna internasjonal solidaritet.

– Klimakrisa rammar hardast dei som ikkje har skuld i problemet og me kjem ikkje til å sitte stille i båten å sjå på at Noreg held fram å øydelegge kloden på bekosting av andre. Ifølgje rapporten Norways Fair Share er Noreg sitt ansvar å kutte minst 53% av sine utslepp og gi 65 milliardar kroner i klimafinansiering. Det er det einaste rettferdige!, seier Embla Regine Mathisen, leiar i Changemaker.

Krava er:

  • Kutte 55 prosent av norske utslepp innan 2030
  • Ingen nye leitelisensar til olje og gass
  • Vis internasjonal solidaritet for klimastreikarar: Noreg må gi 65 milliardar kroner i klimafinansiering årleg – og ingen klimastreikarar må bli forfulgt av sine styresmakter
  • Stans tapet av naturmangfaldet

– Vår framtid er avhengige av at tiltaka i våre krav vert gjennomførte og no er ungdommen utålmodige, seier Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom.

Til venstre: Italia. Foto: Tommi Boom. Til høgre: Margarita Naumenko (15) i Moskva. Der er lovene så strenge at ein må stå minst 50 meter frå kvarandre i “enkeltpersons-demonstrasjonar”. Foto: Privat