Over sju millionar unge og vaksne over heile verda, demonstrerte førre veke for betre klimapolitikk og klimahandling, ifølgje Fridays for future.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kva vil vi ha?
– Klimahandling!
– Når vil vi ha det?
– No!
Over heile verda har krava blitt ropt og delt i veka som gjekk.
“What do we want? Climate action! When do we want it? Now!” marching down Stephen Ave / 8 Ave in Calgary today.
@ClimateHubYYC #FridaysForFuture #climatestrikecanada #ClimateStrike #ClimateActionNow pic.twitter.com/CsUdN3hhj2— Getting Real (@gettingrealblog) September 27, 2019
Den verdsomspennande klimaveka
Førre veke var klimaveka med stor K. Globale klimastreikar og ikkje minst klimatoppmøtet til FN gjorde sitt til at klima vart sett på dagsorden. Denne gongen var også dei vaksne med, og fagforeiningar, bedrifter, lærarar og legar marsjerte saman med ungdom over heile verda. Frå små landsbyar til store verdsmetropolar.
I over 180 byar i verda var det markeringar og demonstrasjonar i løpet av veka. Frå Indonesia, USA, Pakistan, Jordan, Tyskland, Uganda, Tyrkia, Canada, Mexico, Paraguay og mange fleire land, kunne ein sjå og høyra krava om klimahandling.
Ifølgje klimaorganisasjonen 350.org var det over 7 millionar menneske som demonstrerte verda over i løpet av veka. Først fredag 20. september, så ei veke seinare 27. september.
Einsam i Russland
Men i Russland stod 15 år gamle Margarita Naumenko i Moskva heilt åleine. Inspirert av Gretha Thunberg vart ho med i rørsla Fridays for future, som ein av dei yngste i Russland, for fem månadar sidan, skriv the Peninsula.
Etter massedemonstrasjonane rundt valet av Vladimir Putin i 2012, vart det ulovleg å arrangera nokon form for ikkje-valdelege protestar utan løyve.
Enkelt-personsprotestar, krev ikkje løyve, sjølv om det er restriksjonar. I Moskva må ein til dømed stå minst 50 meter frå kvarandre.
Heilt åleine var ho allikevel ikkje. Omlag 700 mennesker frå 21 russiske byar demonstrerte i løpet av fredag 27. september, ifølgje Fridays for future Russia.
My first single strike on Pushkinskaya Square in Moscow!
(People under 18 can’t strike in Russia but I was lucky no one checked my passport today so I wasn’t detained)#GlobalClimateStrike #FridaysForFuture pic.twitter.com/KnSZLmT1h9
— Margarita Naumenko (@paaiegen) September 27, 2019
På skiltet hennar står det: – Klimaendringane er ikkje ein spådom – dei skjer no!
Ifølgje National Geographic er Russland den fjerde største utsleppsnasjonen av klimagassar i verda. Kan hende har klimarørsla likevel hatt litt effekt, for tidlegare denne månaden vart det kjend at Russland blir med i Parisavtalen – som eit av dei siste landa i verda.
Australia
Early numbers confirm at least
7 million people joined the #weekforfuture climate strikes! Thank you everyone, especially the local organisers! The #weekforfuture is one of the biggest global demonstrations in history. This is just the beginning! #climatestrike #fridaysforfuture pic.twitter.com/CDPZ2C2hjd— Greta Thunberg (@GretaThunberg) September 28, 2019
Streikane starta i Australia 20. september og det er meld at omlag 350.000 deltok i omlag 115 byar, det skriv School strike 4 climate.
Starta i New York
Tala for fredag 20. var omlag fire millionar verda over i omlag 160 land.
Dette var fredagen før det store klimatoppmøtet i New York berre tre dagar seinare. I New York møtte Greta Thunberg og fleire hundretusen demonstrantar opp.
Byen hadde gitt tillating til alle elevar ved offentlege skular å droppa skulen for å delta i demonstrasjonen, utan noko straff eller fråver, melde mellom anna the New York Times.
Ifølgje avisa var tala på oppmøtte ved nedre Manhattan over 60.000 etter det borgarmeister Bill de Blasio kunne melde, medan arrangørane sa 250.000. Det viser kor vanskeleg det er å få nøyaktige tal på folkemengdar. USA Today melde minst 200.000.
Samla i global rørsle
I løpet av veka var det klimaarrangement og ekstra fokus på klima i media og sosiale medium.
Førre fredag, den 27. september, var det omlag 170 land som var med.
Tala som er rapportert foreløpig er omlag 1,4 millionar i Tyskland, éin million i Italia, 750.000 i Canada, 500.000 i Storbritannia, 350.000 i Australia, 350.000 i Storbritannia, 195.000 i Frankrike og 170.000 på New Zealand.
På Salomonøyane i Stillehavet var krava betre og modigare klimahandling på global skala.
Students attend a climate change protest in Marovo Island, Solomon Islands. More photos from the global climate strike: https://t.co/I8ethX7pON ? 350 PACIFIC pic.twitter.com/REOFhGAZlG
— Reuters Pictures (@reuterspictures) September 20, 2019
– Klimakrisa diskriminerer ikkje. Ho er ein trussel til kvar og ein av oss. Konsekvensane vi er vitne til i kvardagen går ikkje berre utover enkeltpersonar i lokalsamfunnet, men alle, sa Silas Savara ifølgje 350.org. Han er ein del av Pacific Climate Warriors og bur på Solomonøyane.
Éin million i Italia
I Italia var det til saman omlag ein million som møtte opp. Utdanningsminister Lorenzo Fioramonti hadde også oppmoda elevar til å delta i streiken. Han skreiv på Facebook at streikane var «essensielle» for elevar si framtid, som er «trua av miljø-øydeleggingar og ein lite berekraftig økonomisk vekstmodell».
I Sveits møtte omlag 80.000 berre i Bern. Over 150 kyrkjer ringde med klokkene for å vise si støtte til saka.
Ein halv million saman med Greta
I Sverige og Stockholm, der klimastreikane først starta med ei einsam Greta Thunberg, var det ifølgje Aftonbladet rekordmange 60.000 som møtte opp 27. september.
Thunberg sjølv var i Canada og Montreal, der ho marsjerte saman med 500.000 andre.
– Me har heva røysta og vil halda fram med det, til våre leiarar høyrer etter. Vi er forandringa, og endringa kjem, sa ho mellom anna i talen til dei oppmøtte i Montreal.
Les også: Greta Thunberg: – Korleis vågar de?