Klimasøksmålet skal til Høgsterett: – Ein siger vil vere historisk
Klimasøksmålet mot staten har blitt akseptert av landets høgaste domstol.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Berre ti prosent av sakene som vert anka til Høgsterett vert tekne opp, og i berre spesielle tilfelle vert sakene behandla i plenum av heile Høgsterett.
Det er likevel tilfelle når det kontroversielle klimasøksmålet no har blitt akseptert av landets høgaste domstol.
Det skriv domstol.no i ei pressemelding.
Saksøkte først i 2016
Natur og Ungdom og Greenpeace saksøkte i 2016 den norske staten for opninga av ny oljeboring i Barentshavet gjennom 23. konsesjonsrunde. Besteforeldrenes klimaaksjon og Naturvernforbundet med som partshjelp.
Organisasjonane meiner at oljeboringa bryt med miljøparagrafen § 112 i Grunnlova som slår fast at borgarane har rett til eit leveleg miljø og at staten skal setje i verk tiltak som sikrar denne retten.

Therese Hugstmyr Woie er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom
– Klimasøksmålet i Høgsterett blir eit stort spark i baken på alle norske politikarar. Dei har ikkje greidd sjølv å gjere det våre rettar krev av dei; Å bevare naturen og eit leveleg klima, seier Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom, i ei pressemelding.
– Vi skal overtyda Høgsterett om at grensa vart kryssa då regjeringa tildelte nye oljelisensar i verdifulle havområder i Arktis, avsluttar NU-leiaren.
Dette vil vera første gong Grunnlovas § 112 blir prøvd for Høgsterett.
– Ein siger vil vere historisk og ha store reelle konsekvensar for klimaet, seier Greenpeace Norge-leiar Frode Pleym i pressemeldinga.
Tapte i lagmannsretten i januar
I januar vart det klart at miljørørsla tapte i andre runde av klimasøksmålet, og organisasjonan anka med ein gong saka til Høgsterett.

Bilete frå lagmansretten i november 2019. F.v: Frode Pleym (Greenpeace), Gaute Eiterjord (Natur og Ungdom) FOTO: Thor Due/Natur og Ungdom
I Borgarting lagmannsrett vart det slått fast at staten sine tildelingar i 23. konsesjonsrunde er gyldige, men også at organisasjonane slapp å betala saksomkostnadar til staten. Dette såg miljørrørsla som eit positivt teikn og gav grunnlag for å anka saka vidare.
Klimasøksmål i både Nederland og England har vunnet i retten.