Russisk klimaaktivist inspirert av Thunberg: Dømt til arrest
Fredag vart Arshak Makichyan (24) dømt i seks dagar, for å ha klimastreika saman med to andre i Moskva.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne veka har russiske Arshak Makichyan (24) klimastreika i 40 veker. Som ein av dei aller første klimastreikarane i Russland, har han fått omdømme som Russland sitt svar på Greta Thunberg.
Fredag vart han dømt i seks dagar, for å ha delteke i ein ikkje-godkjend demonstrasjon, melder BBC.
There will be a trial and I can be arrested for up to 10 days or fined, but for now I’m free.
Why were we detained? For 3 person standing on the square.
We’ve sent an apllication for a mass strike and they refused us illegally. What else can we do? pic.twitter.com/0HjCM7QMqy— Arshak Makichyan (@MakichyanA) October 26, 2019
Les også: Slutterklæringa frå klimatoppmøtet: – Den verste teksten eg nokosinne har sett
Einmannsprotestar og Greta-støtte
I Russland er det nemleg ekstra vanskeleg å vera klimaaktivist. Det finst så mange lovar, reglar og politisk uvilje som gjer det vanskeleg å gjennomføra klimastreikar.
In some countries it is illegal to #schoolstrike4climate. That makes our responsibility, we who can strike, even bigger.
We children shouldn’t have to do this. But since most adults are not doing anything we have to.#LetRussiaStrikeForClimate#LetHongKongStrikeForClimate pic.twitter.com/9tMqdY7jpd— Greta Thunberg (@GretaThunberg) May 14, 2019
Det er forbode å organisera store folkeforsamling utan tillating frå styresmaktene. Ei folkeforsamling vert rekna som to eller fleire personar. I tillegg er det ekstra vanskeleg å få tillating dersom ein skal markera noko som går imot styresmaktene. Miljøvernarar vert sett på som ein trussel for det sitjande regime, men ein sjeldan gong får dei tillating. Då utanfor sentrale områder.
I tillegg er det ulovleg for alle under 16 år å i det heile tatt delta på nokon aksjonar. Heller ikkje einmannsprotestar.
Under dei verdsomspennande klimastreikane i haust, var det likevel fleire hundre russiske aktivistar som deltok, både åleine og saman.
Talte for FN – kom heim til dom
Fiolinstudenten starta si klimastreike-karriere, heilt åleine, i ein einmannsprotest i Moskva mars 2019. Etterkvart har fleire og fleire byrja delta i slike einmannsprotestar rundt om i landet.
Etter å ha vore på klimatoppmøtet COP25 i Madrid der han tala og demonstrerte, kom han heim til rettssak og dommen på seks dagar i arrest.
Han vart arrestert etter å ha halde ein protest 25.oktober, saman med to andre, der han også hadde med ein plakat for klima, utan å ha tillating, melder BBC.
– Me er vitne til eit opprør frå unge og sivilsamfunnet over alt i verda, som utfordrar årsakane til krisa me er i. Desse unge aktivistane gjer det styresmaktene ikkje gjer. Korleis vågar dei å gå imot ungdomen, i stadenfor å svara på det dei ber om: ekte klimahandling, seier Svitlana Romanko i 350.org, etter dommen.