Smittestopp-appen er snart klar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er førebels ikkje kunngjort ein dato for når appen vil vere klar, men han vil bli lansert om ikkje altfor lenge, kunngjorde Folkehelseinstituttet (FHI) tysdag.

Vi ha appen klar for nedlasting denne veka

Gun Peggy Knudsen. Foto: FHI

Fungerande assisterande direktør Gun Peggy Knudsen håper han vil bli tilgjengeleg for nedlasting denne veka.

– Det er ikkje teknologien det står på. Vi vil gjerne sjå dette i samanheng med testkapasitet, seier Knudsen til NTB.

Det er ifølgje Knudsen ikkje sett noko konkret mål på kva testkapasiteten bør liggje på før appen kan takast i bruk.

Informasjon som blir lagt inn, gjeld om ein er smitta av koronaviruset og dermed kan smitte andre. Det blir ikkje lagra data om ein har hatt viruset, men er frisk igjen.

Skal varsla brukaren

Appen skal hjelpe styresmaktene med smittesporing, men kan òg brukast til å varsle brukaren om at han eller ho har vore i nærleiken av nokon som er smitta av koronaviruset.

Dei som har lasta ned appen, vil bli varsla viss dei har opphalde seg nærare enn 2 meter i meir enn 15 minutt frå ein som er smitta.

F.v. Arnold Schwarzenegger, Millie Bobby Brown, Ben Stiller, Robert De Niro, Snoop Dogg, Ryan Reynolds.

Les også: Ariana Grande, Robert De Niro, Ryan Reynolds og andre kjendisar over heile verda, brukar no sin status til å be folk om å bli heime for å hindra spreiing av koronaviruset.

Håpar 6/10 vil lasta ned

Folkehelseinstituttet har som mål at appen bør lastast ned av 60 prosent av norske mobiltelefonbrukarar.

– Jo fleire som lastar ned, desto betre er det, seier Knudsen.

Ho legg likevel til at appen vil gi styresmaktene nyttig informasjon sjølv om ein ikkje når dette målet.

Kjem du til å lasta ned Smittestopp-appen?

Kjem du til å lasta ned Smittestopp-appen?

Ja458
Nei79
Veit ikkje136
Svar totalt: 673

Testkommunar

Folkehelseinstituttet skal teste ut bruken i to kommunar først. Dei vil bruke ei vekes tid på å sjå på korleis smittesporing og varslinga fungerer før det blir innført i heile landet.

Mellom anna vil dei sjå på kva ord som skal brukast, når nokon får melding om at dei kan ha vore utsette for koronasmitte.

Testkommunar er enno ikkje plukka ut, men fleire aktuelle kandidatar er kontakta.

Rydda opp i svakheiter

I byrjinga av april vart det sett ned ei ekspertgruppe for å vurdere appen og sjå på risiko- og sårbarheitsaspekt. Gruppa leverte rapporten sin nokre dagar seinare med fleire innvendingar.

Utviklarselskapet Simula og FHI seier fleire av tiltaka som vart anbefalte, no er innførte. Dermed er det forsvarleg å lansere appen, meiner Knudsen.

Simula har teke omsyn til tekniske innspel og seier dei fleste og viktigaste svakheitene som vart påpeika, er endra i versjonen som skal rullast ut.

– Seinare tryggingsoppdateringar vil på sedvanleg vis rette opp ytterlegare svakheiter etter kvart som dei blir påpeika, seier Knudsen.

Manglar kryptering på telefonen

Fleire IT-selskap har hjelpt til med å teste om det er mogleg å bryte seg inn i datasystema (hacking). Det er gjort forbetringar for å styrkje løysingar og sørge for at data er mest mogleg nedlåst.

Det går òg føre seg eit arbeid for å bestemme kva reglar som skal gjelde for sikkerheit og kapasitet i løysinga. Desse er baserte på reelle trusselscenario, som til dømes innsidetruslar.

Eit hovudfunn hos ekspertutvalet var at det mangla kryptering på mobiltelefonen til den enkelte brukar, noko som ville gjere det mogleg å manipulere data.

Illustrasjonsfoto: Unsplash.com