Vipps og BankID-selskap får nynorskpris

Selskapa vil donere prispengane til Noregs Mållag.

Åshild Slåen
Publisert

Selskapa Stø AS, som står bak BankID, og Vipps Mobilepay AS får prisen for Årets nynorskbrukar 2025 for bruk av nynorsk i programvarene sine.

– Den digitale sfæren er framleis eit domene der nynorsk er underrepresentert. Difor er det svært viktig at tenester som Vipps og BankID er tilgjengelege på nynorsk, seier direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Nynorsk Kultursentrum. Vipps vart tilgjengeleg på nynorsk i fjor, og BankID har vore tilgjengeleg på nynorsk sidan 12. mai 2023.

– BankID er for heile befolkninga og det var difor heilt naturleg å gjere tenesta tilgjengeleg på nynorsk. Vi er særs glade for å få denne prisen, seier Øyvind Westby Brekke, administrerande direktør for Stø AS, som står bak tenesta BankID.

BankID har ifølgje pressemeldinga 4,5 millionar brukarar i dag. Vipps har 4,4 millionar brukarar. Også dei er glade for prisen.

– Å lansere Vipps på nynorsk var noko av det kjekkaste vi gjorde i fjor. Vipps har etter kvart blitt ein kompleks app som rommar over 5 000 tekstar, som betyr at vi må halde nynorsken ved like kvar gong vi gjer endringar. På den måten er kvar dag ein nynorskdag hos oss. Det er triveleg, seier Lars Tore Skau og Ida Nicoline Glosimot i Vipps.

Selskapa har saman avgjort at dei vil donere dei 100 000 kronene som dei får som prispengar til Noregs Mållag, øyremerkt arbeidet deira for meir digital nynorsk.