Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Di fleire som er heime, di færre blir smitta. Difor skal me alle halda oss mest mogleg heime og ha minst mogleg kontakt med andre, ifølgje Folkehelseinstituttet og Verdas helseorganisasjon.

No har kjendisar over heile verda teke til sosiale medium for å oppmoda sine følgjarar til å gjera nettop det: bli heime.

Millie Bobby Brown

16-åringen som vart kjend for heile verda gjennom rolla som Eleven i Stranger Things, har no vore i isolasjon i 11 dagar. Ho er sjokkert etter å ha sett folk på fest, i parken og større forsamlingar gjennom nyhetene på TV.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av mills (@milliebobbybrown)

Ariana Grande

Pop-stjerna Grande (26) oppmodar sine følgjarar på Twitter om å ta dette på alvor, og la til:

Taylor Swift

Også songstjerna Taylor Swift (30) har teke til sosiale medium og delte mellom anna dette på sin Instagram-story: – Dette er tida for å isolera seg mest mogleg.

Danny DeVito

Den 75 år gamle skodespelaren minner på at unge folk kan bli smitta og smitta eldre folk.

– Og plutseleg er ikkje eg her lenger! seier Devito, i denne Twitter-meldinga delt av New York-guvernør Andrew Cuomo.

Justin Bieber

Superstjerna Bieber (26) deler ein film frå Italia der nokon speler John Lennon-klassikaren Imagine frå ein balkong, og minner om at ein kan vere smitta uten å vita det – og difor bør halda seg heime og vekke frå grupper med andre menneske.

Arnold Schwarzenegger

Skodespelar og tidlegare guvernør i California, Arnold Schwarzenegger (72) ber folk om å bli heime så mykje som mogleg, i kanskje den raraste og søtaste filmen på denne lista. Kven hadde ikkje blitt heime med slikt selskap?

Snoop Dogg

Rappar Snoop Dogg (48) blir heime og ber andre om å gjere det same.

https://www.facebook.com/CAgovernor/videos/729200040951096/

La La

Skodespelar og TV-menneske, La La Anthony (38), seier at om du bryr deg om dine eldre, og alle andre, så blir du inne.

Robert De Niro

Skodespelar De Niro (76) seier at me alle må bli heime, for å beskytta seg sjølv, andre og alle eldre du er glad i.

Ben Stiller

Skodespelar Ben Stiller (54) snakkar til unge som tenker at dei kan halda fram som før, og seier det kun fungerer om alle er med på dugnaden. Han slenger på ei oppmoding til å prøve å læra seg noko nytt:

Justin Trudeau

Statsminister i Canada, Justin Trudeau (48), ber om at alle bidreg for å halda flest mogleg friske og trygge ved å: vaske henda, bli heime, halde to meters avstand, ikkje å samla seg i grupper.

https://www.instagram.com/p/B-GFDF8g9GU/

Ryan Reynolds

Statsminister Trudeu utfordra også andre til å dela same beskjed, mellom anna skodespelar Ryan Reynolds (43).

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Ryan Reynolds (@vancityreynolds)

 Seth Rogen

Reynolds utfodra komikar og skodespelar Seth Rogen, som også delte bodskapen om å bli heime: – Det er ikkje det verste ein kan bli bedt om.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Seth (@sethrogen)

Michael Bublé

I denne evige canadiske utfodringsringen, er også silkemjuk-songar Michael Bublé (44) representert: – Ver så snill, gjer din del og bli heime.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

#StayHomeCanada

Et innlegg delt av Michael Bublé (@michaelbuble)

John Legend

Popstjerne John Legend (41) inviterte sine følgjarar inn i stova saman med barna og Chrissy Teigen, for å spreie musikk og oppmoda til sosial distansering.

Også Chris Martin i ColdplayCharlie PuthNiall Horan, One Republic, Amy Lee frå Evanescence har gjort det same gjennom GlobalCitizen og WHO sitt initativ om å vera #Togetherathome.

Kevin Bacon

Skodespelar Kevin Bacon (61) har laga #Istayhomefor og oppmoda andre til å dele kven dei held seg heime for.

Emma Watson, Demi LovatoJulia Roberts, Mariah Carey, Anne Marie, Perrie EdwardsSam Smith, David Beckham, Elton John og mange fleire har kasta seg på utfordringa.

Else Kåss Furuset

Her heime er det særleg eitt bidrag som må med: bestemor til Else blir 96 år og har berre eitt bursdagsønske: bli heime.

Og du?

Hugs å vaska hender, halde avstand og ikkje helse på folk som du pleier.

Lurer du på meir om koronaviruset finn du oppdatert informasjon på fhi.no og helsenorge.no.