I Polen må ein ta karanteneselfies for å bevise at ein held seg inne – elles kan politiet kome på døra

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For å sikre at polske innbyggjarar overheld karantenen har styresmaktene teke i bruk ein ny app. Den krev at ein tidvis sender selfie for å bevise at ein held seg inne.

Det melder fleire internasjonale meidum, deriblant France 24 og Business Insider. 

Karantene-app

Polen har, som Noreg, innført to vekers pålagt karantene for innbyggjarar som kjem att frå utlandet og for personar som kan vere smitta av koronaviruset.

Den nye karantene-appen brukar geolokalisering og ansiktsgjenkjenning, og krev på tilfeldige tidspunkt i løpet av dagen at brukarane tek eit bilete av seg sjølv.

Politiet får varsla om ein ikkje sender selfie

Dersom ein ikkje sender ein selfie frå karantene innan 20 minutt, vert politiet varsla.

– Personar i karantene har eit val: å anten få uventa besøk av politiet, eller å laste ned denne appen, seier talsmann for digitaliseringsdepartementet Karol Manys til AFP.

Den britiske journalisten Jakub Krupa skriv på Twitter at det vert oppretta ein brukarkonto til alle som er mistenkt smitta. Den som bryt karantenen risikerer å verte bøtlagd.

Til no er det 1051 bekrefta smitta i Polen, og styresmaktene tilrår heimekontor, har stengt skulane fram til påske og stenger grensene for utlendingar.

F.v. Emilie Vang, Gaute Wiik, Stian Sørensen og femannskolektivet med Inger-Johanne Jørstad. Foto: Privat