Yrket mitt: Jakob (29) er radiograf

Kunstig intelligens gjer at fagfeltet hans endrar seg raskt.

Åshild Slåen
Publisert

– Den generelle befolkninga tenkjer at ein radiograf er berre ein person som sit bak ein blyvegg og tek bilete, utan særleg mål og meining. Nokon tenkjer også at det har noko med radio å gjere …

Det skriv Jakob Adrian Holmgard (29) på e-post til Framtida.no. Han er radiograf ved Intervensjonssenteret på Rikshospitalet i Oslo.

Deltek i operasjonar

Jakob Adrian Holmgard

Alder: 29

Frå: Skudeneshavn, Karmøy

Yrke: Radiograf / Intervensjonsradiograf

Utdanning: Bachelor i radiografi ved Høgskulen på Vestlandet, Bergen og vidareutdanning i intervensjonsradiografi ved Universitetet i Søraust-Noreg, Drammen

 

Om du har vore på sjukehus for å ta eit røntgenbilete, vart det biletet truleg teke av ein radiograf. Dei jobbar også med ultralyd og andre typar teknologi som gjer at ein kan få eit fullstendig bilete av ein pasient. Radiografi er ei bachelorutdanning du kan bygge vidare på om du vil spesialisere deg.

Holmgard har ei vidareutdanning i intervensjonsradiografi, som er i skjeringspunktet mellom diagnostikk og behandling. Ved hjelp av bilete, nåler og kateter kan ein behandle sjukdommar i blodårer og organ eller hente ut prøver av vev eller væsker.

I operasjonar der kirurgen brukar røntgen eller liknande teknologi for å sjå kva som skjer, er det som regel ein radiograf med.

– Eg gjer alt frå å stå sterilt i operasjon, preparere nye hjarteklaffar til pasient, og assistere ulike fagfelt/kirurgar med avanserte navigasjonssystem og røntgengjennomlysing.

Populært studium

Radiografane gjer det mogleg å gjere grundige undersøkingar av pasientane ved hjelp av avansert biletteknologi. I år har 15 prosent fleire søkt seg inn på utdanninga enn i fjor, ifølgje Norsk Radiografforbund.

Holmgard har jobba på Rikshospitalet sidan 2021, men starta i ny stilling 1. april i år. Før var han hjarteangio, ein som kan studere årene i hjartet, og vere med på å behandle dei som til dømes har hjarteinfarkt, feil med klaffane eller hjartestans.

– Eg valde denne yrkesvegen fordi det å vere radiograf inneber å kunne jobbe tett med både menneske og teknologi på ein saumlaus måte. Det er eit fag som er i konstant utvikling, der ein aldri blir heil utlært.

Viktig med praktisk læring

Holmgard startar arbeidsdagen med å klargjere operasjonsstova med naudsynt utstyr og sjekke at det fungerer. Så førebur han pasienten til inngrepet. Nokre gonger er han saman med den som opererer, andre gonger styrer han systemet, avhengig av kva slags inngrep det er prat om.

– Eit inngrep kan variere mykje i tid, alt frå éin time til fem-seks timar. Mykje av dagen går med til å samarbeide med dei andre yrkesgruppene, både i førebuingsfasen, gjennomføring og etterpå.

Sjølv dei mest rutinemessige operasjonane kan snu, så det kan vere stor variasjon i arbeidskvardagen, sjølv om nokre ting går att.

– Eit roleg planlagt inngrep kan fort snu til ein akutt livstrugande situasjon.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Til ein viss grad, vil eg seie. Det er mykje i dette faget du rett og slett ikkje kan tileigne deg teoretisk, og difor er det mykje ein lærer i praksis.

For Holmgard var det gjennom praksisen han lærte mest, sjølv om utdanninga gav han knaggar å henge kunnskapen på.

– Men det var fyrst då eg byrja å jobbe at eg fekk ei stor læringskurve, og fekk hengt kunnskapen på «knaggane».

Gode fagfolk i ryggen

Det aller beste med jobben er å kunne arbeide med mange ulike yrkesgrupper, mot eit felles mål til beste for pasientane.

Samarbeidet med andre fagpersonar er viktig som radiograf. | Foto: Privat

– Det å vite at arbeidet ein gjer er med på å gi noko tilbake til pasientane, er ei veldig god kjensle.

Samstundes har yrket sine utfordringar, spesielt når ting ikkje går som planlagt.

– Som radiograf kan ein vere oppe i mange akutte pasientar, og ein gir ofte medisinar eller kontrastmiddel til pasientane. Anten det er allergiske reaksjonar som forverrar tilstanden til pasienten eller eit inngrep med komplikasjonar, så er det aldri gøy å vere i desse situasjonane. Heldigvis er det mange utrulege flinke og dyktige yrkesgrupper på eitt sjukehus, og det er sjeldan komplikasjonar skjer.

KI-utvikling

Yrket passar for menneske som likar å jobbe med teknologi i utvikling, innanfor helsesektoren, og som kan takle og trivast i ein hektisk kvardag.

– Vidare så kan det å bli radiograf vere eitt veldig godt alternativ til sjukepleie, viss ein ønskjer meir diagnostikk og teknologi i arbeidskvardagen sin, men også vil ha pasientkontakt.

I framtida drøymer han om å kunne jobbe endå meir med teknologi.

– Bruken av mellom anna KI gjer stormsteg innanfor vårt fagfelt. Det blir brukt kunstig intelligens for å beskrive røntgenbilete, for å gi endå betre diagnostikk til mellom anna mammografi, kreft, skjelett og så bortetter. Det opnar absolutt mange nye dører som opnar seg, så det kunne vore morosamt å vere ein del av.

Livreddarar

På spørsmål om det mest utrulege som har hendt på jobb, har ikkje Holmgard eit klart svar.

– Vanskeleg å plukke ut ei hending, men det er nok for min del det å ha vore ein del av eitt team som gir livreddande behandling til pasientar med hjartestans/hjarteinfarkt. Det å kunne vere med å redde eitt liv, med dei minimalt invasive prosedyrane som finst i dag, har vore like utruleg kvar gong!