I England prøver dei no ut nye metodar for å hindra einsemd blant isolerte eldre på sjukeheimar.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med strenge restriksjonar og karantenereglar er det fleste av oss ganske påverka av det nye koronalivet.

Dei eldre er likevel særleg usette for Covid-19 og må halda seg ekstra isolerte, særleg om dei bur på sjuke- og eldreheim.

Adopter ei bestemor

No er det fleire sjukeheimar og eldreheimar i både Noreg og andre land som har stengt heilt for besøkande, for å hindra smittespreiing.

I England er det til og med sjukeheimar som ikkje let bebuarane møte kvarandre. Dette fører til at fleire er einsame, men ein sjukeheim i London har funne ei løysing på dette.

CHD Living eig 13 sjukeheimar rundt om i hovudstaden, og har starta eit «Adopter ein besteforelder»-program.

Over 14.000 har meldt seg på

Det går ut på at engelsk-pratande folk, frå heile verda, kan søke på nett om å bli ein digital frivillig. Dei skal snakke med og halda kontakt med deira utdelte «besteforelder» gjennom videochat. Selskapet håpar å slik kunne gi bebuarane mental stimulering og selskap i denne rare tida.

Sjukeheimen spør dei som søker kva dei likar å gjere på fritida og kva dei interesserer seg for, for å para dei saman med bebuarar som deler dei same interessene.

Kvar sjukeheim skal ha ein eigen Facebook portal for desse digitale møta, og dei tilsette hjelper bebuarane med teknologien.

30. mars hadde heile 14.000 meldt seg på frå heile verda.

I tillegg har dei allereie fått fleire teikningar og brev til bebuarane, og oppmodar barn og vaksne til å sende brev, teikningar, dikt og anna.

Om du er interessert i å søke om å få adoptera ein besteforelder, kan du gjere det her.

From Byfleet Primary School, all the way to NYC! We’ve had plenty of beautiful drawings and letters sent in from children all around the world. ?

Thank you for taking the time to send them through. ?

Posted by CHD Living on Fredag 27. mars 2020