Studentar ved NLA høgskulen i Bergen reagerer på seminar som tek sikte på seg å omvenda homofile. – Å støtta eit slikt arrangement bidrar til å diskriminera homofile, seier student Gunnhold Hodnekvam.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag vart studentar ved NLA i Sandviken, Bergen møtt med plakatar som vekte sterke rekasjonar.

Det skal haldast seminar som tek for seg seksualitet, kjønn og identitet. På plakaten står det mellom anna: «Endring eller sølibat – det er spørsmålet. Korleis hjelper vi dei som ønskjer å forlata homoseksuell praksis og kjensler?»

Det var TV 2 som først meldte dette.

– Motbydeleg

Linn-Elise Holtar. Foto: Privat

Linn-Elise Holtar er student ved skulen. Ho vart sjokkert då ho såg plakatane.

– Eg synest det er ganske spesielt å gå ut med ein bodskap om at ein skal omvenda folk. Eg synest det er motbydeleg, seier ho til TV 2. 

Les også: Då eg var 20: Heidi Marie Vestrheim oppdaga Joni Mitchell og den skeive verda

Omvendingsterapi

Det er nettverka Frimodig Kirke Bjørgvin og Til Helhet som står bak seminaret.

Bilete av plakaten som hang på skulen. Foto: Privat

Formålet til Til helhet, er å hjelpa dei som har ei uønska seksuell orientering og som sjølv ynskjer hjelp i prosessen med å finna ein annan veg, skriv dei på sine heimesider. 

«Vi tror og mener at seksuell identitet ikke er noe som er medfødt….men noe som utvikler seg blant annet i et samspill med betydningsfulle personer, spesielt i oppvekstårene.», skriv dei vidare.

Dei to føredragshaldarane er Mike Davidson og Øyvind Hasting. Davidson omtala seg sjølv som eks-homofil og driv med såkalla konverteringsterapi. Han meiner dette kan hjelpa homofile til å bli heterofile.

– Fritt fram å meine kva ein vil

Arve Kjell Uthaug, Frimodig kirke. Foto: UiB

Arve Kjell Uthaug i Frimodig kirke, seier til TV 2 at dei står for eit konservativt kristent syn:

– Folk må ta sine eigne val. Handlingane våre er eit val, men ikkje kjenslene, meiner Uthaug.

Han understrekar at det er fritt fram å meina kva ein vil i samfunnet vårt og at alle er velkomne til foredraget, både dei som er nysgjerrige på temaet og dei som meiner det er motbydeleg.

Gunnhild Hodnekvam har drive «hæerverk» på plakatane. Foto: Privat

Greier ikkje konsentrera seg om studiane

Gunnhild Hodnekvam. Foto: Privat

Pedagogikk-student ved NLA, Gunnhild Hodnekvam, reagerer på at skulen har leigd ut lokala sine til dette arrangementet.

– Eg blei rett og slett sint, skuffa og litt lei meg for at skulen eg går på reklamerer for omvendingsterapi. Å støtta eit slikt arrangement bidrar til å diskriminera homofile, og det har gjort at eg ikkje klarar å konsentrera meg om studiane, seier ho til Bergens Tidende. 

Svar frå rektor

Rektor ved NLA, Erik Waaler, har svara BT slik:

«De fleste universitet og høyskoler har mange arrangementer som er initiert og arrangert av privatpersoner og/eller organisasjoner. Dette gjelder også hos oss. Både studenter, og andre, benytter fasilitetene til møter av ulik karakter. Når det gjelder den åpne dialogen, så hører den til i den akademiske kulturen».

«Det er for øvrig naturlig at henvendelser angående ulike arrangement rettes til den aktuelle arrangøren».

Les også: Skeiv på Sørlandet: I Noregs minst likestilte landsdel melder eit urovekkjande høgt tal bifile, lesbiske, homofile og transpersonar om psykiske helseplager.

– Det er eit slags moralistisk verdigrunnlag som ligg tungt over Sørlandet, som eg trur mange av oss ikkje vil vedkjenna seg, seier Kaisa Hansen (26), som driv podcasten Vaya Con Vulva saman med Mirjam Storm (32).