Fpu-leiaren om «homoterapi»: – Må vere lov å vere trist homo

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 21.06.2021 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Forbod kan vere eit viktig signal, men faren er at det som skjer no skjer endå meir lukka, at det vert endå mørkare og dystrare, seier Bjørn-Kristian Svendsrud.

Framstegspartiets ungdom er prinsipielt imot forbod, men er ikkje imot eit forbod mot såkalla «homoterapi».

– Det er ei farleg haldning at ein tilbyr ein form for kur for noko du er fødd som, understrekar FpU-leiaren.

Homoterapi på dagsordenen

I helga kom VG-serien «Homoterapi», der programleiar Morten Hegseth ser nærare på praksisen og konsekvensane av det som vert kalla konverteringsterapi eller seksuell reorienteringsterapi.

Praksisen vert oftast utført innanfor religiøse samfunn og tek sikte på å gjere ein person med ei anna seksuell legning heterofil.

Tidlegare i år måtte barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad ta avstand frå seksuell reorientering etter at det vart klart at kyrkjelyden hans var tilknytta ein organisasjon som har eit uttrykt mål om å få homofile til å endre legning.

Det vakte sterke reaksjonar då de same organisasjonen, Til Helhet, leigde lokale på NLA Høgskolen i Bergen for eit kveldsseminar om «Seksualitet kjønn og identitet».

I haust skal Stortinget behandla eit lovforslag om å forby såkalla «homoterapi». EU har mellom anna oppmoda sine medlemsland til eit slikt forbod.

Programleiar Morten Hegseth spør om statsminister Erna Solberg er for eit konverteringsforbod. Foto: Skjermdump «Homoterapi»

I «Homoterapi» konfronterer programleiar Hegseth statsminister Erna Solberg (H) med kva ho meiner.

– Eg er litt septisk til det og det vil eg grunngje med at me også har religionsfridom i Noreg, seier Erna Solberg, som understrekar at det ikkje er terapi, men at ein ikkje kan forby alle meiningar og ytringar ein ikkje likar.

Me har spurt alle ungdomspartileiarane korleis dei stiller seg til forbodet.

FpU: – Negativ sosial kontroll

Fpu-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud er isolert sett ikkje einig med Erna Solberg i at «homoterapi» er verna av religionsfridomen, men meiner lovavdelinga vil få ei enorm oppgåve i å ta vare på ulike omsyn ved eit eventuelt forbod.

– For å seie det litt banalt, så må det vere lov å vere trist homo. Du må kunne gå til presten din for å sørge. Men det er lang avstand frå sjelesorg til demonutdriving og eksorsisme, seier Svendsrud.

Fpu-leiaren meiner debatten er større enn forbodet og vil ta statsstøtta frå trussamfunn som driv med ein slik praksis. Han meiner også det er viktig å opne opp dei lukka samfunna og ta imot dei som vel å bryte.

– Hovudproblemet er at dette er ein negativ sosial kontroll som skjer i lukka samfunn. Om du opplev at dette er det einaste du kan gjere for å framleis vere i trussamfunn, så er jo det ein form for tvang.

Unge Venstre: – Det er kvakksalveri

Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark fortel at dei ikkje har vedteke at partiet vil innføra eit forbod mot såkalla «homoterapi», men meiner likevel det er heilt ukontroversiell Venstre-politikk å seia nei til praksisen.

– Det er heilt openbert at homofili ikkje er ein sjukdom og noko du skal kurerast for. Det er kvakksalveri, understerkar Handsmark.

Han peikar òg på undersøkingar som viser at personar som har vore utsett for homoterapi har større risiko for sjølvmord og meiner det er viktig for samfunnet og verna om minoritetane sine.

Tidlegare i år skreiv Klassekampen at Venstre-politikarane Iselin Nybø, Grunde Almeland og Guri Melby eit forbod mot konversjonsterapi. Forslaget vart ikkje handsama på Venstre sitt landsmøte, men Handsmark meiner det er heilt ukontroversielt i partiet.

Grunde Almeland gjer Framtida.no merksame på at Venstre har eit vedtak for forbod frå landsstyret, og difor ikkje prioriterte å handsame saka på landsmøtet. 

Sondre Hansmark, leiar for Unge Venstre. Foto: Beate Haugtrø

Sondre Hansmark er leiar for Unge Venstre. Foto: Beate Haugtrø

SU: – Misforstått religionsfridom

SU-leiar Andreas Sjalg Unneland er tydeleg på at deira organisasjon vil innføra eit forbod mot såkalla «homoterapi».

– Fordi homofili ikkje er ein sjukdom, og me har sett at denne typen behandling har store negative konsekvensar for dei som vert utsett for det. Det å bli fortalt at ein ikkje får lov å vere seg sjølv og bli utsett for ekstreme metodar for å endra dette burde ikkje vere tillate i 2019, understrekar Unneland på telefon til Framtida.no.

Han har lite til overs for argumentet om religionsfridom.

– Det meiner eg er ein misforstått religionsfridom. Religionsfridommen knyter seg ikkje til ulike legningar. Når enkelte grupper sin fridom er sett opp mot kvarandre må me tenkje på kva me som samfunn vil støtta, seier Unneland og slår fast:

– Den enkelte homofile sitt ve og vel er viktigare enn andre sin rett til å undertrykke og utsetje dei for ekstreme behandlingar.

Andreas Sjalg Unneland er leiar i Sosialistisk Ungdom. Foto: Beate Haugtrø

Raud Ungdom: – Må forbetre rettane til homofile, ikkje innskrenke dei

– No er vi i 2019 og å legitimere konvertering av homofile, det held ikkje vatn. Det er noko som beviseleg er feil, seier leiar i Raud Ungdom, Tobias Drevland Lund.

Raud Ungdom-leiaren meiner eit forbod mot konverteringsterapi for homofile difor er eit godt forslag.

– Kva signal sender det om eit eventuelt forbod ikkje vert vedteke i Stortinget?

– Det vil vere ganske merkeleg. Vi har kjempa for å betre rettane for skeive og transpersonar, og då kan ein ikkje no late vere å forby at menneske bevisst skal spreie løgn og usikkerheit. Homorettar i heile verda er under press. Vi må vere vare på å forbetre rettane til homofile, ikkje innskrenke dei, seier Drevland Lund.

Samstundes meiner Raud Ungdom-leiaren argumenta mot eit «homoterapi»-forbod som kviler på religionsfridom, ikkje er gode nok:

– Det var forbode å vere homofil for berre nokre tiår sidan, også det grunna i ein viss religion, i kristendomen.

– Ein må få lov til å elske kven ein vil utan at det skal vere ei synd, seier Tobias Drevland Lund frå Raud Ungdom. Han meiner det har ingenting for seg å bruke ressursar på omvendingsverkemiddel i 2019. Foto: Beate Haugtrø

Unge Høgre: – Ikkje samd med Erna

– Eg er veldig imot at ein skal karakterisere homofili som noko som kan behandlast, kurerast eller noko som kan gjernast.

Det seier nestleiar i Unge Høgre, Daniel Skjevik-Aasberg, til Framtida.no. Samstundes legg han ikkje skjul på at han synest det er vanskeleg å svare anten ja eller nei på spørsmålet om konverteringsterapi bør verte forbode i Noreg.

Unge Høgre har enno ikkje teke stilling til saka, men nestleiaren har landa på at han er for eit eventuelt forbod:

– Grensa må vere at alle former for systematisk handling med utgangspunkt i at homofili er noko som kan kurerast, bør vere straffbare. Det som derimot går på rettleiing og bistand for dei som ynskjer det, bør vere lov, seier Skjevik-Aasberg.

– Når er noko terapi og når er det behandling? spør nestleiar i Unge Høgre, Daniel Skjevik-Aasberg, og seier det er vanskeleg å skilje kvar grensa går. Han understreker likevel at han er veldig mot konverteringsterapi. Foto: Høgre

Han poengterer at det vil vere vanskeleg å forby menneske frå å frivillig oppsøkje sjelesorg eller forbøn, dersom dei ynskjer rettleiing.

Unge Høgre-nestleiaren deler ikkje statsminister Erna Solberg (H) si oppfatning om at religionsfridom bør vere avgjerande i spørsmålet:

– Eg er ikkje samd med Erna i dette. Eg meiner omsynet om å skjerme ein seksuell minoritet mot det som har vore systematiske overgrep frå religiøse grupper må vege tyngre enn religionsfridom.

Det skeive nettverket i Høgre, Åpne Høyre, har tidlegare teke til orde for at konverteringsterapi bør verte ulovleg, også i religiøse miljø.

AUF: – Samfunnet har eit ansvar for å gripe inn

– Konverteringsterapi bør verte forbode, fordi eg meiner at fellesskapet må ta ansvar og seie frå kva vi meiner er riktig, seier AUF-leiar Ina Rangønes Libak.

Ho påpeiker at samfunnet støtt lyt vekte omsyn opp mot kvarandre, i dette tilfelle religionsfridom mot retten ein minoritet har til å leve eit godt liv:

– No har det vore fleire saker i media som har synleggjort kor alvorleg og kor vondt konverteringsterapi har vore, og då meiner eg Stortinget har eit ansvar for å gjere noko.

– Samfunnet har eit ansvar for å gripe inn når ein ser korleis dette påverkar sårbar ungdom, seier AUF-leiar Ina Alvhilde Rangønes Libak. Foto: AUF

Arbeidarpartiet la i juni fram eit representantforslag om at konverteringsterapi bør verte forbode.

Libak fryktar at dersom forslaget ikkje vert vedteke, så sender Stortinget eit signal om at slik praksis er godteken.

Endå Libak medgjev at det også i denne saka er grenser som er vanskelege, meiner ho det er ein ting som er heva over all tvil:

– Det høyrer ikkje heime i 2019 å drive konvertering av homofile.

Senterungdomen: – Religionsfridom møter grensene for skade

– Det at folk er glade i kvarandre uansett kjønn er noko som er fint, og ikkje noko ein skal gjere til eit problem eller noko som skal føre til skam, seier leiar i Senterungdomen, Ada Arnstad.

Ho er difor positiv til eit forbod mot såkalla «homoterapi»:

– Eg ynskjer at flest mogeleg barn og unge skal ha ein så god oppvekst som mogeleg – anten dei er religiøse eller ikkje, uansett kvar dei kjem frå og kva bakgrunn dei har. Det som kjem fram av dømer frå konverteringsterapi er at den påfører skade både fysisk og psykisk.

Dersom forbodet vert stemt ned, så er det ikkje likelydande med at konverteringsterapi er greitt, seier Ada Arnstad, leiar i Senterungdomen. Ho håpar likevel sivile organisasjonar og ungdomsparti er på ballen, og prøvar å påverke slik at forbodet kjem på plass. Foto: Ragne B. Lysaker, Sp

Arnstad påpeiker at Senterungdom enno ikkje har gjort noko vedtak om dette, men at det skal handsamast på landsmøte komande helg. Ho håpar ungdomspartiet då går inn for eit forbod mot konverteringsterapi.

Senterungdom-leiaren meiner ein skal ta vare på religionsfridomen i landet, men understreker at ein lyt diskutere religionsutøving som gjer skade.

– Det er her religionsfridom møter grensene for fysisk og psykisk påverknad og skade, seier Arnstad.

Samstundes er ho positiv innstilt til at ein i samarbeid med religiøse leiarar kan verte samde om korleis eit slikt forbod skal verte utøva og handheva.

Grøn Ungdom: – Heilt sjukt at dette ikkje er forbode allereie

– Omsynet til nokre marginale grupper sin rett til å utøve konverteringsterapi kan ikkje vere viktigare enn diskrimineringsvernet til LHBT, seier Hulda Holtved, talsperson for Grøn Ungdom.

Ho fortel at ungdomspartiet er absolutt for eit forbod mot konverteringsterapi i Noreg. Samstundes seier Holtvedt at moderpartiet Miljøpartiet Dei Grøne vil foreslå eit forbod mot «homoterapi» i Stortinget som ein del av ein større regnboge-politikk.

– At konverteringsterapi i det heile vert praktisert og er lov, er ganske ekstremt, seier Hulda Holtvedt, nasjonal talsperson for Grøn Ungdom. Foto: Foto: Magnus Skrede, MDG/Flickr/CC BY-ND 2.0

Talspersonen påpeikar at ein i Noreg har lang tradisjon for å setje grenser for trusfridomen, og at ein lyt teikne ei linje i sanden også her:

– Det er veldig rart å vekte religionsfridom i eit spørsmål om ein skal akseptere hat, fordommar og ein praksis som i verste fall kan vere farleg, og påføre individ skam for noko dei er fødde med, seier Holtvedt, og legg til:

– Det er heilt sjukt at dette ikkje er forbode allereie.

Samstundes meiner Hulda Holtvedt at det ikkje treng vere så vanskeleg å utforme eit slikt forbod:

– Alle praksisar som har som formål å heile folk for homofili, og å endre nokon si legning, bør vere forbodne.

KrFU: – Trur ikkje eit forbod kan løyse alt

– Homofili er ikkje ein sjukdom og kan ikkje behandlast, slår KrFU-leiar Edel-Marie Haukland fast.

Ho er personleg engasjert i tematikken og synest det var vondt å sjå VG-dokumentaren «Homoterapi».

– Me kan ikkje forby folk å frivillig ta det opp med presten sin, men me må sjå på korleis me kan hindra åndelege overgrep i Guds namn. Det er alt for mykje sjølvmord og sjølvhat blant LHBTQ-personar som har vore utsett for dette, så me må syte for god oppfølging av dei som har opplevd det, understrekar Haukland.

Edel-Maria Haukland er nyvald leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom. Foto: Edel-Marie Haukland/Wikimedia Commons/CC BY-SA 4.0

Ho er tydeleg på at ingen barn skal oppleve dette, men har ikkje høyrt om norske versjonar av den type campar som vert skildra i dokumentaren.

– Problemet med den debatten som er no er at ein bruker konverteringsterapi på mykje forskjellig, både desse campane og er i behandling lengre tid, men òg samtalar mellom to personar der ein person frivillig oppsøkt ein annan. Det vert vanskelegare dersom me skal regulere kva den enkelte kan ta opp med ein prest, seier Haukland, som fryktar det vil gå ut over trusfridomen.

Ho meiner deler av det som vert vist i dokumentaren allereie er ulovleg i Noreg, fordi det dreier seg om vald og tvang.

KrFU-leiaren peikar på at ein ikkje kan forby haldningar og tru. Ho meiner difor kunnskap og dialog er dei viktigaste verkemidla.

– Me må finne ein veg framover for å løyse problemet, men eg trur ikkje eit forbod kan løyse alt. Det kan vere ein del av løysinga og kan vere riktig verkty når det kjem til barn og ungdom. Barn skal vere verna, understrekar Haukland.