Vil kutta i støtta til muslimske trussamfunn
– Eg håpar ingen tolkar dette som eit åtak på norske muslimar, seier Omar Svendsen-Yagci. Han ynskjer å kutta i statsstøtta til trussamfunn som ikkje tillèt skeive ekteskap.
I eit intervju med Aftenposten tek Unge Venstre-leiar Omar Svendsen-Yagci til orde for å kutta i støtta til trussamfunn som ikkje opnar for likekjønna ekteskap. Svendsen-Yagci seier at kutta må ramma trussamfunn uavhengig religion, men rettar samstundes sterk kritikk mot dei muslimske miljøa i Noreg.
«Etter terrorangrepet ved London Pub og nå i Berlin har oppgjøret fra islamske trossamfunn vært tannløst», sa Svendsen-Yagci til Aftenposten.
– Det handlar ikkje om å piska trussamfunn til å bli liberale, men å senda eit tydeleg signal, skriv Svendsen-Yagci i ein sms til Framtida.no.
Han skriv at Unge Venstre sitt forslag ikkje inneber at nokon må endra tru, men at ein ynskjer at dei skal endra praksis. Svendsen-Yagci meiner det bør vera krav om at alle trussamfunn skal tillata likekjønna ekteskap, kunna ha kvinnelege leiarar og skal ha demokratisk valde styre.
– Viss ein ikkje tilfredsstiller desse krava og undergrev norske verdiar, er det på sin plass at statsstøtta blir kutta.
● Les også: Berlin-terrorist vedkjende tilknyting til IS
Ikkje eit åtak på norske muslimar
– Eg håpar ingen tolkar dette som eit åtak på norske muslimar, seier Svendsen-Yagci.
Han seier at det finst mange gode døme på muslimske aktørar som har jobba mot homofobi.
– Det er likevel mange tolerante muslimar som seier at meinigheita deira er ekskluderande, mellom anna fordi dei har forbod mot skeive ekteskap.
Svendsen-Yagci oppmodar folk til å ikkje ha berøringsangst når det gjeld å debattera ansvaret til trussamfunn i kjølvatnet av islamistisk terror.






