Utdanningsministeren må ha toppkarakter i likestilling
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
At skulegangen kan vere utfordrande for unge skeive er ingen hemmelegheit, og diskriminering kan gå utover karakterar. Skeiv Ungdom krev difor at Trine Skei Grande (V) tek med erfaringa si med likestillingsarbeid inn i sin nye posisjon som kunnskapsminister, og sørger for at me får ein kunnskapsminister med toppkarakter i likestilling.
Tradisjonelt har seksualundervisinga i skulen vore sentrert kring kategoriane hetero og homo, og har vorte kritisert for å bruke eit heteronormativt oss og dei-språk. Forsking viser ogso at kjønns- og seksualitetsrelatert mobbing er utbreidd i den norske skulen.
Der skulebøker og anna undervisningsmateriale ofte seier noko om seksualitet, er informasjon om kjønnsmangfald, herunder trans og interkjønn, ofte fråvêrande. Dette er særs kritisk ute i distrikta der skulemiljøet ofte kan vere det einaste sosiale miljøet som finst, og ein i større grad er avhengig av å verte inkludert.
- Les også meiningsinnlegget frå Thanushan (19): – Det er minimalt med opne homofile på min alder på bygda
I rapporten Alskens Folk – levekår, livssituasjon og livskvalitet for personer med kjønnsidentitetstematikk vert dette dokumentert. Forfattaren viser til manglande kunnskap i skulen som et sentralt funn i undersøkinga.
«I skolen er barn og unge med kjønnsidentitetstematikk svært sårbare både for
manglende kunnskap blant lærere og andre voksne i skolehverdagen, og for svært
begrenset toleranse for annerledeshet blant medelever.»
Skeiv Ungdom, ved vårt normkritiske skuleprosjekt Restart, bøter på det akutte behovet skapa av mangelfull utdanning og etterutdanning av lærarar og andre vaksenpersonar i skulen.
Normer skapar idear om kva som er «normalt», og skapar samstundes ein motsats:
førestillingar om kva som er «unormalt» eller «annleis». Å verte stempla som annleis kan opplevast som urettferdig i seg sjølv, men skapar i tillegg ein sårbar posisjon for skeive, der sjansen for mobbing, trakassering og vald auker.
- Les også intervjuet med Skeiv Ungdom-leiaren: – Det som er viktig er at ein får vere seg sjølv
Me forventar at kunnskapsministeren vil prioritere god fagleg implementering av dei nye læreplanmåla som omhandlar normkritikk og kjønns- og seksualitetsmangfald for å sikre at elevane på sikt får vilje og verktøy til å redusere og førebyggje identitetsbasert mobbing, og verte trygge i eigen identitet.
Fram til det målet er nådd, må tiltaka som bøter på kunnskapsmangelen i dagens skule få tilstrekkelege middel til å redusere skadeomfanget til den manglande kompetansen blant skulen sine tilsette.
For å få ein 6’ar i likestilling frå Skeiv Ungdom må Skei Grande ta med seg den tidligare erfaringa si som likestillingsminister inn i den nye jobben som kunnskapsminister. Berre sånn kan ho skape ein trygg og inkluderande skule, fri frå mobbing, der alle kan være seg sjølv uavhengig av kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, kjønnskarakteristika, seksualitet eller anna diskrimineringsgrunnlag.
Denne resolusjonen vart samrøystes vedteke av Skeiv Ungdom sitt landsstyre 26. januar.
- Har du fått med deg denne biletsaka? Desse landa opna for homofile ekteskap det siste tiåret
Kjelder:
- Røthing, Å. og Svendsen, S. (2009). Seksualitet i skolen.
- Slåtten, H., Andersson, N., Holsen, I. (2009) Nei til “Hore!” og “Homo!” i ungdomsskulen. Lærarrettleiing om førebygging og handtering av kjønnsrelatert mobbing, homofobisk erting og seksuell trakassering. Bergen: Hemil-senteret.
- Van Der Ros, J. (2013). Alskens folk: Levekår, livssituasjon og livskvalitet til personer med kjønnsidentitetstematikk, s.94. Likestillingssenteret
- Egeland, I., (2016) Rettane til LHBTI-barn i Noreg, (Rapport for Redd Barna, LLH og Skeiv Ungdom)