LHBT-cruise vart nekta å legge til kai i Tyrkia

2000 skeive menn vart nekta å komme i land i den tyrkiske byen Kuşadası.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Dei lokale styresmaktene i provinsen Aydin offentleggjorde 28. juni ein uttale der dei stadfesta at cruiseskipet, med 2000 skeive passasjerar, ikkje fekk komme i land i Kuşadası. Det skriv The Guardian.

Uttalen sa at skipet var fylt med «grupper som er kjende for oppførsel som ikkje går overeins med strukturen i samfunnet vårt og dei moralske verdiane våre».

Vidare hevda dei at det varsla besøket til cruiseskipet hadde skapt betydeleg offentleg bekymring.

Om bord på skipet var også Broadway-stjerna Patti LuPone. Ho reagerer kraftig i eit innlegg på Instagram:

– Eg er rasande, men eg seglar vidare, og skipet vil legge til land i andre hamner. Eg er klar til å framføre for alle dei fantastiske mennene på dette Atlantis-cruiset, som fortener så mykje betre enn dette, skriv ho.

Skipet Scarlet Lady er drive av det amerikanske reiseselskapet Atlantis.

Nyheita kjem etter at politiet arresterte minst 50 personar – inkludert ein journalist – under eit pride-arrangement i Istanbul i slutten av juni. Lokale styresmakter har bannlyst pride-paraden.