Éin av fire LHBT-personar har vore utsett for hatytringar siste året

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Internett og sosiale medium bidreg til ein meir open og demokratisk offentlegheit, men gjer òg at hets, truslar og hatytringar kan spreiast raskare og nå breiare ut enn nokonsinne,» skriv forskarane Audun Fladmoe og Marjan Nadim i ein artikkel i Aftenposten.

Dei to forskarane har arbeidd med ein ny rapport frå Institutt for samfunnsforsking som kartlegg LHBT-personar sine erfaringar med hets og truslar.

Rapporten er laga på oppdrag av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og viser at LHBT-personar er mykje meir utsette for hets og truslar samanlikna med resten av befolkninga.

23 prosent av LHBT-personar svarar at dei har vorte utsette for nedsetjande kommentarar eller hatefulle ytringar det siste året. Det er over dobbelt så mykje som resten av befolkninga, der 10 prosent svarar ja på det same.

Les også reportasjen «Skeiv på Sørlandet»: I Noregs minst likestilte landsdel melder eit urovekkjande høgt tal bifile, lesbiske, homofile og transpersonar om psykiske helseplager.

Fire gongar så mange trugslar

Heile 15 prosent av personar som definerer seg innafor LHBT-gruppa svarar at dei har vore utsett for konkrete trugslar. Det er nesten fire gonger så mange som i resten av befolkninga.

Undersøkinga viser òg at skeive med innvandrarbakgrunn er langt meir utsett for hatytringar enn resten av LHBT-samfunnet. Dette gjeld òg skeive som tilhøyrer ein minoritetsreligion, urfolksgruppe eller som har varig nedsett funksjonsevne.

Personar som er aktive på nett svarar òg at dei har fått fleire hatytringar enn dei som er mindre aktive på nett og unge er langt meir utsette enn eldre.

Forskarane har spurt 409 LHBT-personar og 1315 personar frå den øvrige befolkninga kva dei har opplevd nedsetjande kommentarar, hets og trugslar det siste året.

Forskarane spurte òg korleis respondentane reagerte på kommentarane dei fekk. Dei fann at erfaringar med hatytringar førte til at personar i større grad føler seg utrygge eller blir meir forsiktige med å sei si meining offentleg.

Bloggar og samfunnsdebattant Sigurd Gjerde Jakola er ein av dei som har teke eit oppgjer med trugslar og hets. Les saka her!

«Jævla homo» er to ord som har gått igjen både i oppveksten og som følgje av engasjementet til bloggar og samfunnsdebattant Sigurd Gjerde Jakola (23).

Leiar i FRI, Ingvild Endestad, etterlyser konkrete tiltak frå regjeringa. Pressefoto: FRI

FRI etterlyser tiltak

Leiar i FRI – Foreningen for kjønns og identitetsmangfold – Ingvild Endestad meiner at det er på tide å setja i verk konkrete tiltak.

– Når me veit kor alvorlege konsekvensane er for dei av oss som må leve med hatytringar så er det skuffande at regjeringa ikkje tek det på alvor og at det ikkje er ei av dei mest prioriterte sakene i dei åra som kjem, seier ho til NRK.

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande svarar at regjeringa har sett i gang ein handlingsplan der dei skal sjå på straffelova.

– Eg tenkjer det er ganske skremmande tal og det viser at det er ei av dei store utfordingane me har i samfunnet når det gjeld skeive sine rettar, understrekar Grande ovanfor NRK.

Har du sjølv opplevd hatprat? Her får du tips til korleis møte nedsetjande ytringar på nett!