Sjølvmordstal ned 46% etter at likekjønna ekteskap vart lov

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølvmordsraten har falle med 46% for dei i likekjønna forhold, ifølgje ein ny rapport. Det var The Guardian som først omtala saka.

Sjølv om sjølvmordsraten har sokke kraftig, er det likevel høgare sannsyn for at skeive gjer sjølvmord, enn andre, uavhengig av sivilstatus.

Drastisk nedgang i sjølvmordstala

Det er the Danish Research Institute for Suicide Prevention og forskarar frå Stockholm Universitet som står bak rapporten. Dei har samanlikna sjølvmordsraten for folk i likekjønna og heterofile forhold i periodane 1989-2002 og 2003-2016.

I forskinga fann dei ut at sjølvmordsraten gjekk ned 46% blant folk i likekjønna parforhold, i denne perioden.

Forskingsleiar, Annette Erlangsen, seier ifølgje the Guardian, at i tillegg til andre skeive retta, kan likekjønna ekteskap ha redusert kjensla av sosial stigmatisering for nokre homoseksuelle.

I same periode sokk sjølvmordsraten blant folk i heterofile forhold med 28%.

Danmark først i verda

Danmark var det første landet i verda som gjorde det lovleg med likekjønna partnarskap, i 1989. Sverige følgde etter seks år seinare, i 1995. I Noreg vart det lov med registrert likekjønna partnarskap frå 1993.

Noreg var også det første landet i Skandinavia (nr. 6 i verda) til å innføra likekjønna ekteskap i januar 2009. Sverige følgde rett bak i mai same år, og Danmark i 2012.

I dag er likekjønna ekteskap lov i 28 av 193 land i verda.

Framleis høgare sannsyn for sjølvmord blant skeive

I ein studie frå 2018 der ein samanlikna 35 studiar frå 10 land, kom det fram at det er minst tre gongar meir sannsynleg at unge LHBTQ-folk gjer sjølvmord, samanlikna med hetero-folk i same alder. Risikoen kunne bli redusert av likestillingslover som betra skeive sine rettar.

Sjølv i Skandinavia, som vert rekna som svært progressive på skeive rettar, er det enno ein lang veg å gå. I Danmark kom det nyleg fram at nesten ein tredjedel av danske menn meinte sex mellom to menn var umoralsk.

Les meir om same tema: 

Kristoffer Dragesæt (30) er overvelda over responsen på underskriftskampanjen han initierte for å seia nei til såkalla homoterapi. Foto: Privat/Skjermdum