Påtroppande leiar i Skeiv Ungdom: – Det som er viktig er at ein får vere seg sjølv

Odd Thomassen (23) kjem sjølv frå ei lita bygd på Sørlandet og veit kor viktig organisasjonen er for dei som bur utanfor dei store byane.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skeiv Ungdom-leiaren: – Det som er viktig er at ein får vere seg sjølv

– Så lenge ikkje alle unge menneske føler dei kan vere seg sjølve uavhengig av den dei er utan å bli møtt av stygge blikk, kommentarar og andre former for diskriminering, så er Skeiv Ungdom viktig, slår Odd Thomassen fast i ein epost til Framtida.no.

Den siste helga i april vart 23-åringen frå Søgne i Vest Agder valt til ny leiar under landsmøtet til Skeiv Ungdom.

Lokalt engasjement

Den påtroppande leiaren har eit ekstra stort engasjement for lokallaga i distrikta og trur dette er noko organisasjonen kjem til å merka.

– Sjølv er eg frå ein mindre kommune på Sørlandet og veit kor viktig det er med eit Skeiv Ungdom som er tilgjengeleg for dei som også bur utanfor dei store byane. I tillegg så trur eg at vi kjem til å bli tydelegare  i media. Vi har dei siste åra bygd opp ei stemme og ein tillit og det er nå på tide meir enn før at vi seier ifrå og er tydelege på kva vi meiner og kva vi vil!

Thomassen meiner organisasjonen er viktig fordi dei skaper møteplasser der alle har moglegheita til å vere seg sjølve, der kjønnsuttrykk, kjønnsidentitet eller seksuell orientering ikkje er så viktig.

– Det som er viktig er at ein får vere seg sjølv, understrekar 23-åringen.

«Homofili smittar ikkje, men Bygdepride gjer det», skriv Rune Sæbønes, styremedlem i verdas første Bygdepride. Les innlegget hans om «Då Pride kom til bygda» her!

Ungt engasjement

Thomassen har tidlegare vore leiar i Skeiv Ungdom Sør og kjem frå vervet som organisatorisk nestleiar i sentralstyret.

 Kva er det som har gjort at du har engasjert deg? 

– Eg engasjerte meg i Skeiv Ungdom tilbake i 2013. Eg har alltid vore den som ikkje har vore redd for å seie ifrå, og eg trur det at eg fann ein stad som Skeiv Ungdom der eg kunne vere meg sjølv, fekk meg motivert til å engasjere meg nettopp i Skeiv Ungdom, og sidan då har eg fått gjort meir og meir og blitt meir og meir engasjert!

Den politiske hjartesaka hans er seksuell helse og tematikken knytt til HIV.

Les også: I 2016 frikjente amerikanske forskarar «Patient Zero» som vart skulda for å starta den amerikanske hiv-epidemien på 80-talet.

Storsatsing på seksuell helse

Kva er dei viktigaste sakene for Skeiv Ungdom anno 2019?

– Landsmøtet i år bestemte at vi skal ha ei storsatsning på seksuell helse og seksualitetsmangfold. Vi skal jobbe for at seksuell helse hamnar på dagsorden til politikarane, at det blir auka kompetanse på seksualitet i samfunnet, særleg blant skule- og helsetenester som treffer ungdommar. Og vi tenkjer at det er særleg seksualundervisninga som treng eit løft.

Mangfald utan diskriminering

Kva er idealsamfunnet?

– Idealsamfunnet er eit samfunn der alle kan vere seg sjølve uavhengig av kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og seksualitet. Der alle relasjonar mellom menneske som er basert på likeverd og samtykke er akseptert og at ingen i samfunnet får privilegier på bakgrunn av sitt kjønn, uttrykk eller seksualitet. Rett og slett ei verd som heiar på mangfald utan diskriminering.

Les også reportasjen «Skeiv på Sørlandet»: I Noregs minst likestilte landsdel melder eit urovekkjande høgt tal bifile, lesbiske, homofile og transpersonar om psykiske helseplager.

– Jævla homo er ein klassikar, som eg har fått mange gongar, sa Ap-politikar Kai Steffen Østensen då Framtida.no spurte om kva negative kommentarar han har opplevd å få knytt til legning. Arkivfoto

Kristoffer Odd Thomassen

Frå: Søgne i Vest-Agder

Alder: 23 år

Yrke/utdanning: Har ved utgangen av mai forhåpentlegvis ein bachelorgrad i Idéhistorie

Favorittfag på skulen: Historie og samfunnsfag.

Ulike verv: Leiar i Skeiv Ungdom. Har dei siste åra site i fagutvalet for Idéhistorie.

Medlem i: Skeiv Ungdom, sjølvsagt, FRI.

Kva gjer du i fritida/hobby: Baking, speler ein del dataspel, brettspel og historiefortelling.