Sveits vil gjera «homohets» ulovleg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sveits har allereie diskrimineringslover som gjer det ulovleg å diskriminera nokon på grunn av rase, religion eller etnisitet. No skal også seksuelle minoritetar vernast under lova.

Motstand frå høgre

Lovendringane var godkjent av parlamentet i Sveits allereie i 2018, men motstandarar lukkast i å samle inn nok underskrifter til å pressa igjennom ei folkeavstemming, melder Swissinfo.

Det kristenkonservative partiet Den føderale demokratiske unionen (UDF) i Sveits fekk støtte av det høgrevridde Sveitsisk folkeparti (SVP) i kampen for å stogga forslaget. Dei meiner LHBT-samfunnet har nok vern med dagens lover og at ei slik lov vil gå ut over ytringsfridomen.

Motstanden i saka minner om då Sveits i 1994 stemte for nye antirasistiske lover, som også møtte motstand frå ytre høgre.

28. plass på europeisk regnbogeliste

På ein pressekonferanse forsikra justisminister Karin Keller-Sutter at:

– Ingen har noko å frykta så lenge dei er respektfulle.

Den sveitsiske lovendringa kjem som følgje av at høgsterett i 2010 kom fram til at LHBT-samfunnet ikkje hadde tilstrekkeleg lover til å kjempa mot homofobi.

Rainbow Map, som rangerer korleis land sine lover og reglar påverkar LHBT-personar, kjem Sveits på 28. plass av 49 europeiske land. På toppen tronar Malta, medan Noreg kjem på femteplass.

Sveits jobbar i desse dagar med å legalisera likekjønna ekteskap, og om den lova går gjennom i parlamentet kjem landet truleg til å klatra nokre hakk på lista.

Allereie i 2013 hadde TIME desse framsidene, men først i 2015 vart likekjønna ekteskap lov i alle amerikanske statar. Faksimile: TIME